Raudkurle
| Raudkurle | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | ×Gymnigritella | ||
| Art: | ×G. runei | ||
| Vitskapleg namn | |||
| ×Gymnigritella runei
Teppner & E.Klein | |||
| Økologi | |||
| Habitat: | kalkrik grasmark i fjellområde | ||
| Utbreiing: | Sverige | ||
Raudkurle (×Gymnigritella runei) eller brudekurle er ei plante i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Ein reknar med at arten har oppstått gjennom hybridisering mellom brudespore og svartkurle.[2][3] Dersom svartkurle blir rekna inn i brudesporeslekta Gymnadenia, får hybriden det vitskaplege namnet Gymnadenia ×runei.[4][5] Dersom svartkurle ikkje blir innlemma i Gymnadenia, men blir ståande i svartkurleslekta Nigritella, slik Artsdatabanken har vald,[6] er dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med det vitskaplege namnet ×Gymnigritella runei.[2]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]I Sverige finst raudkurle (svensk namn brudkulla) berre på nokre få funnstader i fjellområda i Norrland. Arten er i Sverige rekna som nær truga (NT).[5]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 200–201.
- 1 2 Mikael Hedrén mfl. (2018). «Evidence for bidirectional hybridization between Gymnadenia and Nigritella». Journal Europäischer Orchideen 50 (1): 43–60. ISSN 0945-7909.
- ↑ Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 136 (July): 21–28. ISSN 1095-9513. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018.
- ↑ «PoWO: Gymnadenia × runei». Plants of the World Online. Henta 7. mars 2024.
- 1 2 «Artfakta: Brudkulla Gymnadenia runei». Artdatabanken. Henta 1. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar svartkurle». Artsdatabanken. Henta 1. mars 2022.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (en) raudkurle i Catalogue of Life
- (en) raudkurle i Encyclopedia of Life
- (en) raudkurle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) raudkurle hos Dyntaxa
- (en) raudkurle hos Plants of the World Online
- (en) raudkurle hos The International Plant Names Index
- (en) raudkurle hos Tropicos
- (en) Kategori:Gymnadenia runei – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Gymnadenia runei – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Gymnadenia runei – detaljert informasjon på Wikispecies