Brudesporeslekta
| Brudesporeslekta | |||
| Systematikk | |||
| Rike: | Planteriket | ||
| Klasse: | Einfrøblada | ||
| Orden: | Aspargesordenen | ||
| Familie: | Orkidéfamilien | ||
| Slekt: | Gymnadenia | ||
| Artar i Noreg | |||
| |||
| Vitskapleg namn | |||
| Gymnadenia | |||
| Økologi | |||
| Utbreiing: | Eurasia | ||
Brudesporeslekta (Gymnadenia) er ei slekt i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]På verdsbasis har brudesporeslekta nokre titals artar, der fleire tidlegare underartar har fått status som sjølvstendige artar.[2][3] I svært mange klassifiseringar, mellom anna i Sverige og Finland,[4][5] er svartkurle (Nigritella nigra) og andre artar i svartkurleslekta Nigritella innlemma i brudesporeslekta, men i Artsdatabanken har ein vald å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt.[6][7]
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Gymnadenia er laga ut frå dei greske orda gymnós (γυμνός), som tyder naken, og adénas (αδένας, gammalgresk ἀδήν), som tyder kjertel.
Artar
[endre | endre wikiteksten]Artsdatabanken opererer med to artar i Noreg:[1]
- brudespore eller engbrudespore (G. conopsea)
- praktbrudespore (G. densiflora)
Av desse er praktbrudespore teken med på Norsk raudliste for artar (2021) som sårbar (VU).[6]
I Norden finst elles:
Dersom ein innlemmar svartkurle i Gymnadenia, slik det er gjort i den svenske klassifiseringa, vil hybriden mellom brudespore og svartkurle framstå som ein art i brudesporeslekta, G. ×runei. Når ein har valt å oppretthalde svartkurleslekta som ei eiga slekt, slik Artsdatabanken har gjort, blir dette ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) som får eit eige slektsnamn, ×Gymnigritella:[9]
- brudekurle eller raudkurle (×Gymnigritella runei, [Gymnadenia runei]), endemisk for Sverige (NT)[10]
På Dei britiske øyane finst òg:
- grannbrudespore (G. borealis), truleg endemisk (LC)[11][12]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 «Artsdatabanken: Brudesporeslekta». Artsdatabanken. Henta 2022-03-01.
- ↑ «PoWO: Gymnadenia». Plants of the World Online. Henta 2022-03-01.
- ↑ Christiane Stark mfl. (2011). «Strong genetic differentiation between Gymnadenia conopsea and Gymnadenia densiflora despite morphological similarity». Plant Systematics and Evolution. 293 (1–4): 213–226. doi:10.1007/s00606-011-0439-x. ISSN 1615-6110.
- ↑ «Artfakta: Brudsporrar Gymnadenia». Artdatabanken. Henta 2022-03-01.
- ↑ «LAJI: Gymnadenia». LAJI.FI. Henta 2022-03-01.
- 1 2 «Raudlista 2021: Praktbrudespore». Artsdatabanken. 2021-11-24. Henta 2022-03-01.
- ↑ Marie Kristine Brandrud mfl. (2019). «Restriction-site associated DNA sequencing supports a sister group relationship of Nigritella and Gymnadenia (Orchidaceae)». Molecular Phylogenetics and Evolution. 136 (July): 21–28. doi:10.1016/j.ympev.2019.03.018. ISSN 1095-9513.
- ↑ «Artfakta: Luktsporre Gymnadenia odoratissima». Artdatabanken. Henta 2022-03-01.
- ↑ Mikael Hedrén mfl. (2018). «Evidence for bidirectional hybridization between Gymnadenia and Nigritella». Journal Europäischer Orchideen. 50 (1): 43–60. ISSN 0945-7909.
- ↑ «Artfakta: Brudkulla Gymnadenia runei». Artdatabanken. Henta 2022-03-01.
- ↑ Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «A New Vascular Plant Red List for Great Britain» (XSLX). Botanical Society of Britain & Ireland. 2025. Henta 15. juli 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) brudesporeslekta hos Artsdatabanken
- (en) brudesporeslekta i Catalogue of Life
- (en) brudesporeslekta i Encyclopedia of Life
- (en) brudesporeslekta i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) brudesporeslekta hos Dyntaxa
- (en) brudesporeslekta hos ITIS
- (en) brudesporeslekta hos NCBI
- (en) brudesporeslekta hos Plants of the World Online
- (en) brudesporeslekta hos The International Plant Names Index
- (en) brudesporeslekta hos Tropicos
- (en) Kategori:Gymnadenia – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons