Brumle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brumle er ein norsk teikneserie som vart skapt av Haaken Chrisensen. Serien fekk plass i Illustrert Familieblad. Der var han å finne i tidsrommet 1935 - 1958. Brumle kom ut som julehefte i åra 1935 - 1956. Julehefta var frittståande forteljingar i høve til vekebladet. Juleheftet kom ikkje i 1939.

Hovudfigurane i forteljingane er bjørnungen Brumle, reven Mikkel og, etter kvart, guten Per.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004