Broummana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brummana)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°51′57″ N 35°35′42″ E
Brummana
برمانا
by
Lebanon January 2014 188.JPG
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
Guvernement Libanonfjella guvernement
Distrikt Matn distrikt
Høgd 700-800 moh.
Koordinatar 33°51′57″ N 35°35′42″ E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Brummana

Brummana (arabisk برمانا) er ein by i Matn distrikt i Libanonfjella guvernement i Libanon. Han ligg aust for Beirut med utsyn over hovudstaden og Middelhavet.

Som edi felste landsbyane i området har Brummana eit arameisk namn som truleg tyder huset til Rammana, guden for luft, uvêr og torevêr.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Somrane er uvanleg tørre i Brummana og byrjar tidleg i mai og endar i midten av oktober. Sommartemperaturane går sjeldan over 30 ºC. Luftfukta om sommaren er i snitt 68 %. Vinteren er våt og mild med ein temperatur som varierer mellom 5 og 18 ºC, stundom med snøfall.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Brummana er heimstad til forskjellige religiøse grupper, sjølv om kristne, hovudsakleg gresk-ortodokse, utgjer 49% og maronittiske katolikkar utgjer 41%, medan drusarar er ein større minoritet.[1] Mange arabiske turistar frå landa kring Persiabukta kjem hit om sommaren.

Det står ei særs gammal gresk-ortodokse kyrkje i Brummana. Kyrkja til profeten Cha'ya (Isaiah) var opphavleg ei austromersk festning som er kring 1 500 år gammal, men vart omgjort til ei kyrkje på 600-talet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Brummana er ein av dei største turiststadane i Libanon om sommaren på grunn av det behaglege klimaet. Han ligg øvst på ein furukledd ås med flott utsyn over Beirut, Middelhavet og fjella i aust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Community