Brummar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på europeiske brummarar frå mellomsteinalderen (mesolittikum).
Brummarar frå Afrika.
Steinalder-musikkinstrument funne i Frankrike: Brummar av reinsdyrgevir (øvst) og beinfløyter.

Ein brummar, òg kalla hurre, rhombus eller turndun, er eit særs gamalt og primitivt instrument til å lage lyd med, kjend frå arkeologiske utgravingar på steinalderlokalitetar. Brummarar er framleis i bruk i rituell eller kultisk samanheng i ymse kulturar ikring i verda. Instrumentet er forma som ein meir eller mindre flat, avlang gjenstand av tre, bein eller stein med ei snor i den eine enden. Ved å svinga brummaren rundt i stor fart i ein sirkel i lufta, gjev han frå seg ein brummande lyd. I Noreg vart det funne eit slikt instrument på ein 4000-5000 år gamal steinalderlokalitet (buplass) på Tuv attmed Saltstraumen i Nordland, og instrumentet har fått namnet brummaren frå Tuv. Det er i Ukraina funne ein brummar som er tidfesta til om lag 17000 år før vår tidsrekning, og i Frankrike ein som er tidfesta til 13000 år før vår tidsrekning. I antikkens Hellas var slike brummarar heilage instrument nytta i dei dionysiske mysteria.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]