Brunalgar
Utsjånad
| Brunalgar | |
| Systematikk | |
| Infrarike: | Halvaria |
| Rekkje: | Ochrophyta |
| Underrekkje: | Phaeista |
| Infrarekkje: | Limnista |
| Overklasse: | Fucistia |
| Klasse: | Brunalgar Phaeophyceae Kjellman, 1891 |
Brunalgar (Phaeophyceae) er ein klasse planteliknande protistar (algar) som omfattar tang, tare og andre algar som veks i havet, langs steinstrender.
Nokre av artane har spesielle gassfylte luftblærer som hjelper til å halda skota oppe i solskinet. Brunalgane inneheld klorofyll a og c, men pigmentet fukoxanthin skjuler grønfargen klorofyllet gjev og skaper i staden ein brunleg farge. Dei fleste av dei 1500 artane av brunalgar lever i kalde havområde. Av tang og tare kan ein produsera alginat.
Brunalgane er fleircella organismar og finst i alle storlekar frå mikroskopiske til kjempetarar som kan bli mange meter lange. Brunalgar finst i alle former frå filament til skorper, puter og hole eller massive greinete flak (tang).
Typar
[endre | endre wikiteksten]Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Brunalger» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2026.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) brunalgar hos Artsdatabanken
- (en) brunalgar – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) brunalgar i Catalogue of Life
- (en) brunalgar i Encyclopedia of Life
- (en) brunalgar i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) brunalgar hos Dyntaxa
- (en) brunalgar hos Fossilworks
- (en) brunalgar hos ITIS
- (en) brunalgar hos NCBI
- (en) Kategori:Phaeophyceae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Phaeophyceae – detaljert informasjon på Wikispecies