Brundalen videregående skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brundalen videregående skole
SkuletypeVideregående skole
Grunnlagd1919
Nedlagd2011
Region/fylkeSør-Trøndelag
KommuneTrondheim
Kart
Brundalen videregående skole
63°25′12″N 10°29′13″E / 63.42°N 10.486944444444°E / 63.42; 10.486944444444

Brundalen videregående skole var ein offentleg vidaregåande skule i Trondheim kommune.

Skulen hadde røter tilbake til opplæring i industri- og håndverkfagene på 1800-talet. Trondhjems offentlege tegneskole vart oppretta i 1851 og omgjort til Trondhjems tekniske aftenskole i 1887. Administrasjonen og ein del av klassene ved den tekniske kveldsskolen vart i 1919 overført til den nye Trondhjems fagskole i Kongens gate, som vart dem direkte forløparen for Brundalen, oppretta på initiativ frå Trondhjems håndverks- og industriforening. I 1929/1930 vart Trondhjems fagskole og Trondhjems tekniske mellomskole (seinare Trondheim tekniske skole) samlokalisert i nye bygningar på Kalvskinnet. I 1945 fekk Trondhjems fagskole namnet Trondheim yrkesskole, og den tekniske kveldsskolen namnet Trondheim lærlingeskole.[1][2]

I etterkrigstida fekk Trondheim yrkesskole behov for større lokalar. Skulen vart driven av stat og kommune fram til 1965, då han vart overteken av Sør-Trøndelag fylkeskommune.[2][3] Allereie i slutten av 1960-åra var skulen ein av dei største landet med over 1 500 kurselevar og lærlingar. Det nye skuleanlegget i Brundalen vart gradvis teke i bruk frå hausten 1969 og endeleg innvigd våren 1974. Sør-Trøndelag fylkes husflidskole og Trondheim fagskole i husstell vart òg samla der, og fekk felles administrasjon med yrkesskolen. Med den nye loven om vidaregåande opplæring av 1976 vart skulen omdøypt til Brundalen vidaregåande skule.[4][5]

I 2011 vart Brundalen slått saman med Ringve videregående skole og fagkrinsar ved Ladejarlen videregående skole og Strinda videregående skole til den nye Charlottenlund videregående skole, som vart flytta til nye bygningar i Brundalen, medan dei gamle skulebygningane vart rive.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skarpnes, Eli; Vold, Jan Erik; Aas, Eyvind (1994). «Kundskap styrke haandens yrke!» Brundalen videregående skole gjennom 75 år. s. 45–89. 
  2. 2,0 2,1 Bratberg, Terje (1996). Trondheim byleksikon. Kunnskapsforlaget. s. 555–556. ISBN 978-82-573-0642-7. 
  3. Skarpnes, Eli; Vold, Jan Erik; Aas, Eyvind (1994). «Kundskap styrke haandens yrke!» Brundalen videregående skole gjennom 75 år. s. 97–113 og 120–122. 
  4. Skarpnes, Eli; Vold, Jan Erik; Aas, Eyvind (1994). «Kundskap styrke haandens yrke!» Brundalen videregående skole gjennom 75 år. s. 122–142. 
  5. Bratberg, Terje (1996). Trondheim byleksikon. Kunnskapsforlaget. s. 105, 129, 159 og 544. ISBN 978-82-573-0642-7.