Brunhovudtrupial

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brunhovudtrupial
Brunhovudtrupial Foto: Donald R. Miller
Brunhovudtrupial
Foto: Donald R. Miller
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av brunhovudtrupial
Utbreiinga av brunhovudtrupial
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Trupialfamilien Icteridae
Slekt: Molothrus
Art: Brunhovudtrupial M. ater
Vitskapleg namn
Molothrus ater

Brunhovudtrupial (Molothrus ater) er ein mellomstor sporvefugl i trupialfamilien som lever i temperert til subtropisk Nord-Amerika frå nordvestlege Canada til sørlege Mexico. Han er ein reirparasitt, avhengig av andre fugleartar som vertsfugl for eiget avkom.

Slektsnamnet Molothrus kjem frå gammalgresk molos, 'kamp'; throsko, 'å impregnere'. Det spesifikke artsnamnet ater er latin for kjedeleg, svart.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Brunhovudtrupialen har kroppsform og farger som andre artar i familien sin, men er prega av eit litt meir finkliknande hovud, og nebbet er dessutan relativt kortare enn hjå dei fleste andre trupialartar. Vaksne hannar har fjørdrakt i iriserande svart med ei brun hette som strekker seg ned på brystet og over nakke mot skuldrene. Vaksne hofuglar er litt mindre og er diffus grå til brun med ein bleika strupe og veldig uklår streking på undersida. Total kroppslengd for hannar er ca. 18-20 centimeter, hoer er ca. 2 cm kortare. Kroppsmassen kan variere i området 32-57 gram, avhengig av kjønn og underart.[2]

Denne arten lever i opne habitat, gjerne jordbruksområde, ved utkant av skog, òg i folkesette område. Dei kan opptre i store flokkar, nokon gonger saman med andre artar. Desse fuglane beitar på bakken, ofte nær beitedyr som hestar og kyr for å fange insekt skremt opp av dei større dyra. Føda er hovudsakleg frø og insekt. Brunhovudtrupialar er standfuglar i dei sørlege delane av utbreiingsområdet; Hekkepopulasjonane lengst nord trekker til sørlegaste USA og Mexico om vinteren, og returnerer til sommarhabitata rundt mars eller april.

Som reirparasittar treng dei tilgang på reir av andre fugleartar, særleg dei som bygger koppliknande reir. Meir enn 140 vertsartar har lykkast i å fostre opp ungar.[3]

Nokre vertsartar, som husrosenfink, matar ungar med eit vegetarisk kosthald. Dette er ueigna for unge brunhovudtrupialar, noko som betyr at nesten ingen overlever hos denne verten til dei er flygedyktige.[4]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[5]

Spontant i Noreg

Eit individ av arten er registrert på Jomfruland i juni 1987, og ein brunhovudtrupial blei observert på Tynset i mai 2010.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 58, 257. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  2. Fraga, R. & Garcia, E.F.J. (2019). Brown-headed Cowbird (Molothrus ater). I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (ered). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta 17. august 2019.
  3. «Brown-headed Cowbird». All about birds, Cornell University. Henta 17. august 2019. 
  4. Kozlovic, Daniel R.; Knapton, Richard W.; Barlow, Jon C. (1996). «Unsuitability of the House Finch as a Host of the Brown-Headed Cowbird» (PDF). The Condor 96 (2): 253–258. JSTOR 1369143. doi:10.2307/1369143. Henta 17. august 2019. 
  5. BirdLife International (2019) Species factsheet: Molothrus ater Arkivert 2016-03-08 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. august 2019
  6. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 17. august 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brunhovudtrupial