Brunkinnskogtrast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunkinnskogtrast

Status i verda: LC Livskraftig

Brunkinnskogtrast Foto: Matt Reinbold
Brunkinnskogtrast
Foto: Matt Reinbold
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Turdidae
Slekt: Catharus
Art: C. ustulatus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Swainson's thrush
  • Vitskapleg namn
    Catharus ustulatus
    Nuttall, 1840

    Brunkinnskogtrast (Catharus ustulatus) er ein fugl i trastefamilien som hekkar i Nord-Amerika. Han er ein langdistansetrekkfugl med overvintring i Mellom-Amerika og i Sør-Amerika.

    Brunkinnskogtrast er mykje lik gråkinnskogtrast i storleik og utsjånad, og har i stor grad overlappande utbreiing.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    ██ Hekkeområde██ Trekkområde██ Overvintring

    Brunkinnskogtrast er ein liten trast, ca. 16–20 centimeter i kroppslengd, og kroppsvekt på 25–37 gram.[1] Fargene i fjørdrakta er mykje som ein måltrast i Europa, olivenbrun overside, nesten kvit underside med mørke markeringar som blir lysare bakover sidene. I motsetnad til måltrasten har skogtrastane breie lengdestriper på undervengen i kvitt og mørkt, der måltrasten er einsfarga rustgul. Brunkinnskogtrast kan skiljast frå gråkinnskogtrast med litt tydelegare augering og meir markert teikna kinnparti.[2]

    Brunkinnskogtrast er ein amerikansk trasteart som hekkar i Alaska, austover i eit breitt belte over nordlege Canada til og med Newfoundland. Dessutan i dei nordaustlegaste statar av USA og i vestlege statar, og sørover langst stillehavskysten til sørlegste California. Overvintring skjer i Mellom-Amerika frå sørlege Mexico, og i vestlege Sør-Amerika langs og på begge sider av Andes sør til nordvestre Argentina.[1]

    Hekking skjer i skogshabitat hovudsakleg i barskog, men òg i blanda lauvskog. Om vinteren kan dei òg leve i meir opne område, vanlegvis under ca. 2000 moh.[1]

    Føda er mange typar leddyr og frukt, og dei beitar i tre lågt over bakken. Om vinteren kan dei beite på frukt i flokkar, somme tider i fleirartsflokkar.[1]

    Spontant i Noreg

    Det er samla fire observasjonar av brunkinnskogtrast i Noreg, alle om hausten. Den siste registreringa er frå Utsira i Rogaland i oktober 1999.[3] Ca. 75 andre registreringar er gjort i Europa, dei fleste i Storbritannia og dei fleste av desse i oktober månad.

    Taksonomi

    Artstaksonet som det er skildra her er per EBird/Clements Checklist v2019,[4] og det inkluderer seks underartar: C. u. ustulatus, C. u. phillipsi, C. u. oedicus, C. u. incanus, C. u. appalachiensis, og C. u. swainsoni. Dei tre sistnemnde underartane er skilt ut som enda eit artstakson Swainson's Thrush (Catharus swainsoni) Tschudi, 1845, hos andre autoritetar, slik som hos HBW Alive og IUCN.[5]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    • del Hoyo, J., Collar, N. & Marks, J.S. (2019) Swainson's Thrush (Catharus swainsoni) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019
    • Collar, N., Christie, D.A. & Marks, J.S. (2019) Russet-backed Thrush (Catharus ustulatus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 14. september 2019
    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Artiklane om C. ustulatus og C. swainsoni i HBW Alive
    2. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
    3. «Artsobservasjoner - rapportsystem for arter i Norge». Henta 14. september 2019. 
    4. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, S. M. Billerman, B. L. Sullivan, C. L. Wood og T. A. Fredericks. (august 2019), eBird/Clements Checklist v2019 (CSV), Cornell Lab of Ornithology 
    5. BirdLife International (2019) Søk på Catharus . Henta frå http://www.birdlife.org den 15. september 2019

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunkinnskogtrast