Bruno Hauptmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruno Hauptmann

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 26. november 1899
Kamenz
Død

3. april 1936 (36 år)
New Jersey State Prison, Trenton

Yrke snikkar, tømrar, morder
Språk tysk, engelsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Bruno Hauptmann på Commons

Bruno Hauptmann (fødd 26. november 1899 i Tyskland død 3. april 1936 i Trenton i New Jersey i USA, daud 3. april 1936 i USA) var ein illegalt innvandra tysk tidlegare forbrytar og snikkar som vart dømd for kidnapping og drap på eldstesonen til Charles Lindbergh. Han vart dømd til døden og avretta i elektrisk stol den 3. april 1936.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn i Tyskland[endre | endre wikiteksten]

Tukthuset i Bautzen

Hauptmann gjekk to år på grunnskule og to år på handelsskole og lærde seg snikkaryrket. Under den fyrste verdskrigen var han maskingeværskyttar på Vestfronten og vart fleire gonger såra, blant anna òg utsett for giftgass.

Etter 1918 var han, som mange andre veteranar, arbeidslaus. Han byrja då som kriminell. Han braut seg inn i tre heim, overfall to kvinner med barnevognar på landevegen og stal deres rasjoneringskort. Han fekk hjelp av sin gamle kamerat Fritz Petzold. Hauptmann vart arrestert og dømd til fem års og ein vekes fengselsstraff i tukthuset i Bautzen. Etter fire års soning vart han lauslate.

Plakat med etterlysund og lovad om dusør

Kort etter lauslatelsen vart han igjen arrestert, han hadde freista å selja eit stole lêrbelte. Han flykta frå varetektsfengselet og skal ha etterlate seg fangedrakta med ein lapp – «beste helsingar til politiet».

Til USA[endre | endre wikiteksten]

Gullsertifikatet til 100 dollar frå 1922

To gonger freista Hauptmann å innvandra legalt til USA, men vart avvist og send tilbake til Tyskland. På tredje forsøk, i november 1923, då han kom som blindpassasjer, forkledt og med forfalska pass, slapp han inn.

I USA traff han tidleg i 1924 serveringdama Anna Schöffler, òg ho tysk innvandrar, som var legalt innreist til landet den 1. januar 1924. I oktober 1925 gifta dei seg og busette seg i The Bronx i New York City. Hauptmann arbeidde som snikkar, og kona i eit bakeri. Dei dei vart foreldre åtte år seinare.

Lindbergh-saka[endre | endre wikiteksten]

Kidnapping av Charles Lindbergh jr. skjedde på kvelden den 1. mars 1932 frå familien Charles Lindberghs heim i East Amwell i New Jersey. Ein mann vart anteken å ha klatra opp ein stige som var plassert opp til vindauget i barnerommet, pakke spedbarnet inn i eit teppe og klatra ned stigen. Eit notat som var lagt der kidnapperen kravde lausepenger på 50 000 dollar.

Disse vart levert, men barnet vart ikkje returnert. Eit lik identifisert som guten vart funne 12. mai i skogen cirka 6,4 km frå der Lindbergh budde. Dødsårssaka vart oppført som eit slag mot hovudet. Det vart aldri fastslått om hovudskada var utilsikta eller tilsikta, ein teori er at den fatale skaden hende ved eit uhell under bortføringa og barnet døydde etter eit fall frå stigen.

Saka vart ein cause celebre, og det var stort press fordi politiet ikkje kom nokon veg. Det skulle gå over to år før dei kom på sporet av, og arresterte, Bruno Hauptmann. I september 1934 vart det funnet ein 10-Dollar-gullsertifikatseddel som stamma frå løsepengane som var vorte utbetalt. Ein bensinstasjoneier hadde byrja å merka seg dei etterkvart sjeldne gullsertifikatsetla, og hadde òg skrive ned bilnummeret til den som hadde betalt med den. Slik vart Hauptmann, og ved huseansakelse fann ein ytterlegare 14 600 dollar som stamma frå lausepengane.

Hauptmann nekta at han var skuldig i bortføringa og drapet på Lindberghs son. Den 3. april 1936 vart Hauptmann avretta i den elektriske stolen i New Jersey State Prison. Den som stod for avrettinga var Robert G. Elliott

Seinare tvil og diskusjon[endre | endre wikiteksten]

Seinare på 1900-talet kom saka mot Hauptmann under alvorleg gransking og det vart påstått at øyenv6itner som plasserte Hauptmann i nærleiken av Lindberghs eigedom kort tid før lovbrotet var upålitelege. Det har òg vorte påstått at enkelte vitne vart skremt, og nokon hevdar at politiet planta fleire bevis på barnerommet. I meir enn 50 år kjempa Hauptmanns enke mot domstolane i New Jersey for å få saka gjenåpna utan å lukkast.

Jim Fisher, ein tidlegare FBI-agent og professor ved Edinboro University of Pennsylvania, har skrive to bøkar om denne saka. Boka The Lindbergh Case kom ut i 1987 og The Ghosts of Hopewell vart utgjeve i 1999. Skodespelaren Anthony Hopkins spelte rollen som Hauptmann i filmen The Lindbergh Kidnapping Case (1976).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Fisher, Jim (15. desember 1999): The Ghosts of Hopewell: Setting the Record Straight in the Lindbergh Case.[1] Southern Illinois Univ Press. ISBN 978-0-8093-2285-5.
  • Fisher, Jim (1987): The Lindbergh Case: A Look Back to the Future, Rutgers University Press
  • Foldast, Michael (2012): Sleeping Dogs: A thruh story of the Lindbergh baby kidnapping, Split Oak Press, Ithaca, New York, ISBN 978-0-9823513-9-0
  • Cahill Jr., Richard T. (2014): Hauptmann's Laddar: A Step-by-Step Analysis of the Lindbergh Kidnapping, Kent State University Press, Kent, Ohio, ISBN 978-1-6063519-3-2

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Fotografiske bevis frå Hauptmann-saka, nettstaden for delstatsarkivet for New Jersey
  • «Hauptmann Guilty, Sentenced to Death for the Murder of the Lindbergh Baby», NY Timest, 13. februar 1935