Bruno Ortner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruno Ortner
Statsborgarskap Austerrike, Det tyske riket
Fødd 1889
Steiermark
Død

1971 (82 år)
Wildon

Yrke militær
Språk tysk

Bruno Ortner (18891971) var generalløytnant i den tyske hæren og var verksam i Noreg under andre verdskrigen.

Ortner var fødd i Austerrike. Han vart sjef for 69. infanteridivisjon og stasjonert i Bergen frå 29. september 1941. Då storparten av divisjonen (minus eit regiment) vart send til Leningradområdet i november 1942 vart generalløytnant Ortner med, og han stod som sjef for divisjonen til januar 1944, då han fekk kommandoen over den nye 91. infanteridivisjon. Der vart han ståande berre fram til 25. april 1944. Denne divisjonen vart sett inn i Normandie i juni 1944, og vart utsletta i august same år.

1. mai 1944 fekk Ortner kommandoen over 44. reichsgrenadierdivisjon som var stasjonert i Nord-Italia. Denne divisjonen var utsett for harde angrep og måtte i mai 1944 trekke seg attende nordover. Generalløytnant Ortner stod som sjef for denne divisjonen til 25. juni 1944. Han stod som sjef for 281. infanteridivisjon frå 27. juli 1944 til 8. mai 1945. Han var internert til 1946.

Han døydde i Steiermark i Austerrike i 1971.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]