Bruno Vogel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruno Vogel

Statsborgarskap Tyskland
Fødd 29. september 1898
Leipzig
Død

5. april 1987 (88 år)
London

Yrke skribent, kommentator
Språk tysk
Bruno Vogel på Commons

Bruno Vogel (29. september 18985. april 1987) var ein tysk forfattar frå Leipzig.

Tyskland (til 1933)[endre | endre wikiteksten]

1916 meldte Vogel seg som frivillig som deltakar i første verdskrigen. Etter at krigen var slutt vende han attende til Leipzig. I 1923 debuterte han med ein artikkel i Leipziger Volkszeitung. Frå og med dette tidspunktet skreiv han for ulike aviser og tidsskrift. I 1925 gav han ut antikrigsboka Es lebe der Krieg. I 1926 grunnla han Gruppe Revolutionärer Pazifisten saman med sosialisten og homoaktivisten Kurt Hiller. I 1929 blei Vogel, som var homofil, vald inn i styret i Wissenschaftlich-humanitäre Komitee, same året kom romanen Alf om eit homofilt forhold under første verdskrig.

I 1931 flytta Bruno Vogel til Austerrike der venen Otto Böhlmann, som han kjente frå Berlin, studerte medisin.

Eksil i Noreg, Sør-Afrika og England (1933–1987)[endre | endre wikiteksten]

Vogel drog saman med Böhlmann frå Austerrike til Sveits rett etter den tyske riksdagsbrannen i 1933.

Deretter drog dei begge to til Paris før dei kom til Noreg i oktober 1933. I januar 1934 etablerte dei seg i Tromsø der dei leigde ei hytte. Böhlmann reiste vidare til England i 1934, medan Vogel blei i Noreg sjølv om han mangla arbeidsløyve. Det tyske konsulatet i Bergen heldt attende passet hans som han hadde levert inn for forlenging. Gestapo i Berlin hadde nemleg bede om inndraging av passet då bøkene hans stod på lista over uønskte og skadeleg litteratur og var forbodne i Tyskland. I Tromsø arbeidde Vogel som språklærar og tente også litt pengar på å skriva artiklar for tyskspråklege og norske aviser (mellom anna Arbeiderbladet). Den unge nordmannen Gudmund Sørem, som Vogel hadde møtt i 1934, stod for omsetjinga av artiklane hans til norsk.

Gjennom innverknad frå utanriksminister Halvdan Koht fekk Vogel nye reisepapir, og 27. januar 1937 kunne han reisa frå Tromsø via London til Sør-Afrika. Böhlmann hadde reist til Sør-Afrika i 1936, og i 1938 kom også Gudmund Sørem dit. Vogel budde hos Böhlmann og denne si kone i den sørafrikanske byen Benoni.

Vogel vende i 1952 attende til Europa og levde til sin død i 1987 i London.

Etter krigen forsøkte Vogel fånyttes å få gjeve ut nye bøker. Han fekk likevel ein viss renessanse på 1970-talet. Historikaren Manfred Herzer frå Vest-Berlin vitja i 1977 Vogel i London, og same året tok han initiativ til ei nyutgåve av den homoerotiske antikrigsromanen Alf - no med eit nytt sjølvbiografisk etterord signert forfattaren.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Es lebe der Krieg!, Leipzig 1925.
  • Ein Gulasch und andere Skizzen, Rudolstadt 1928.
  • Alf. Berlin: Gilde freiheitlicher Bücherfreunde 1929.
  • Ein junger Rebell: Erzählungen und Skizzen aus der Weimarer Republik. Berlin: Tribüne, 1986.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]