Brunsisik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brunsisik


Hannfugl Foto: Mark Medcalf
Hannfugl
Foto: Mark Medcalf
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Acanthis
Art: A. cabaret
Namn på andre språk
  • Engelsk: Lesser redpoll
  • Vitskapleg namn
    Acanthis cabaret
    Statius Müller, PL, 1776

    Brunsisik (Acanthis cabaret) er ein fugl i finkefamilien med utbreiing i delar av Europa. Dette er den minste av tre artar i slekta Acanthis, og har den brunaste og mest streka fjørdrakta i slekta. Han er mykje lik gråsisik og polarsisik, og somme ser desse tre artane som same arten. Mange brunsisikar trekker sørover om vinteren, men dei blir observerte gjennom heile året i mykje av utbreiingsområdet sitt. Dei kan halde seg saman med dei andre to Acanthis-sisikane om vinteren.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Brunsisik er ein liten fink med kort, kløfta hale og kort nebb. Kroppslengda er 11,5-12,5 centimeter og kroppsvekta er 9-12 gram.[1] Det korte nebbet er forma konisk og spist, i bleikgul farge, men mørk ytst. Vaksne hannar er stort sett brun over med mørkare striper. Han har ei raud panne, ein liten svart hakeflekk og i hekkesesongen har han rosa bryst og andlet. Flankane er brungule med mørke striper, og buken og undersida av halen er kvite. Det er to bleike band på vengene. Vaksne hofuglar liknar, men manglar den rosa på bryst og andlet og har svakere strek på flankane. Juvenilen har eit bleik hovud utan raud panne og enda mindre svart på hakeområdet. Brunsisik skil seg lite frå nominatforma av gråsisik. Gråsisiken er litt større og bleikare med lysare underside.

    Utbreiingsområdet var tidlegare nesten avgrensa til Irland, mesteparten av Storbritannia, og Alpane, men utbreiinga har utvida seg monaleg over sentrale og nordlege Europa dei siste tiåra. Han er ein utbreidd hekkefugl i Storbritannia og Irland, men fråverande frå delar av Sør-og Midt-England. Han hekkar langs Nordsjøkysten frå Nordaust-Frankrike til Tyskland og har spreidd seg til Danmark, Sør-Noreg og Sørvest-Sverige. Populasjonen i Alpane har auka og spreidd seg til nabolanda. Fuglen finst no så langt aust som Sør-Polen, Slovakia og Nord-Romania.

    Dette er ein kortdistanseflyttfugl med mange individ som held til i hekkeområdet gjennom vinteren. Alpine fuglar flyttar ofte til lågare høgder. I Storbritannia vert det meir utbreidd i låglandet om vinteren. Nokre britiske fuglar trekker sørover på kontinentet, og når så langt sør som Iberia.

    Brunsisik er ein sosial fugl som vanlegvis beitar i flokkar, hovudsakleg i tre, men òg på bakken, spesielt om vinteren når tilgangen på frø blir redusert. Kosthaldet består for det meste av små frø av bjørk, older og gras. Dei et òg bær, knoppar og virvellause dyr og anna.

    Pardanninga for sesongen skjer på seinvinteren. Fleire par vil ofte samlast i ein laus koloni. Hofuglen bygger det koppforma reiret, vanlegvis i ein busk eller eit tre. Det er laga av kvist og plantestammar med eit indre lag av røter, gras, mose, blad og annan vegetasjon og fõring av fjør, ull og hår. Kullet er på to til sju egg. Dei er bleikblå eller grøne med raudaktige eller brune flekker og strek. Hoa rugar egga i 12-15 dagar. Dei unge fuglane vert mata av begge foreldra og flyg etter 9-15 dagar

    Taksonomisk status: Tilhøva innanfor taksonet av Acanthis-sisikane har vore usikre. Brunsisik vart introdusert som eit artstakson i eBird/Clements Checklist frå desember 2009.[2] Ein analyse av mtDNA frå museumsprøvar i 2008, har ikkje funne stønad for oppdeling av artar eller underartar basert på genetiske skilnadar i slekta Acanthis.[3] HBW Alive har allereie gjennomført samanslåing av alle artar til ein einaste art i slekta.[1]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 Clement, P. (2018) Lesser Redpoll (Acanthis cabaret) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 12. august 2018
    2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (desember 2009), Updates & Corrections – December 2009, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.3.2, Page 631, Common Redpoll Carduelis flammea cabaret, Cornell Lab of Ornithology
    3. Gunnhild Marthinsen, Liv Wennerberg, Jan T. Lifjeld, 2008 [https://doi.org/10.1016/j.ympev.2008.03.027 Low support for separate species within the redpoll complex from analyses of mtDNA and microsatellite markers Henta 12. august 2018

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brunsisik