Brunt-Väisälä-frekvensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Brunt-Väisälä-frekvensen eller oppdriftsfrekvensen blir brukt i atmosfærisk dynamikk eller oseanografi om frekvensen som ein pakke vil svinge opp og ned med rundt likevektspunktet i eit statisk stabilt luft- eller vasslag.

, der er potensiell temperatur, er den lokale tyngdeakselerasjonen og er høgda.

I havet der salinitet er viktig, eller i ein ferskvassinnsjø som er i ferd med å fryse til og tettleiken ikkje er ein lineær funksjon av temperaturen, har ein

, der , potensiell tettleik, er avhengig av både temperatur og salinitet.

Kontekst[endre | endre wikiteksten]

Dynamiske prosessar der Brunt-Väisälä-frekvensen blir brukt er adiabatiske og innanfor stabile lagdelte hydrostatiske væsker. Viss ein pakke blir forskyvd vertikalt i ei slik væske, vil den akselerere tilbake til utgangspunktet på grunn av oppdriftskrafta. Viss omgivnadane hadde vore statisk ustabile ville ikkje pakken ha gått tilbake til utgangspunktet, men i staden halde fram i den retninga pakken blei forskyvd.