Bruny Surin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bruny Surin (fødd 12. juli 1967) er ein kanadisk tidlegare friidrettsutøvar, fødd på Haiti. Han vart verdsmeister 1995, olympisk meister 1996 og verdsmeister 1997 med Canadas lag i 4 x 100 meter stafett. Individuelt vann han sølvmedaljen på 100 meter både i VM 1995 og VM 1999.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Surin voks opp i Canada frå han var 8 år gammal. Han markerte seg fyrst i lengdehopp, våren 1987 sette han personleg rekord med 8,03 meter i Houston i delstaten Texas i USA. Same året debuterte han internasjonalt i øvinga ved panamerika-leikane i Indianapolis, også i Sommar-OL 1988 tevla han i lengdehopp.

Deretter satsa Surin på 100 meter. Ved samveldeleikane 1990 i AucklandNew Zealand vann han bronsen på distansen, bakom engelske Linford Christie og nigerianaren Davidson Ezinwa, i lengdehopp vart Surin nummer sju. To år seinare vart han fjerdemann på 100 m ved Sommar-OL 1992 og nummer fem i verdsmeisterskapen året etter.

Under samveldeleikane 1994 i Victoria i British Columbia deltok Surin på Canadas vinnarlag i 4 x 100 m stafett. Dei neste åra sprang han og lagkameratane inn til stafett-siger ved så vel VM 1995, som OL 1996 og VM 1997. Under verdsmeisterskapen 1995 i Göteborg sikra han seg også sølvmedaljen på 100 meter, bakom landsmannen Donovan Bailey.

Vinnarlaget frå Göteborg, beståande av Robert Esmie, Glenroy Gilbert, Surin og Bailey, vann ytterlegare ein gullmedalje i stafett då OL 1996 fann stad i Atlanta. Dei sam fire løparane forsvarte i 1997 verdsmeistertittelen ved VM i Aten.

I VM-finalen 1999 på 100 meter presterte Surin sitt livs beste 100-meter. Med tida 9,84 sekund tangerte han den kanadiske rekorden til Donovan Bailey, og kom i mål berre fire hundredels sekund bakom vinnaren Maurice Greene.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa i lengdehopp (7,73 m=nr 14)
  • VM 1991 i Tokyo: Nr 8 på 100 m – 10,14. Nr 8 i 4 x 100 m stafett (39,51)
  • OL 1992 i Barcelona: Nr 4 på 100 m – 10,09
  • VM 1993 i Stuttgart: Nr 5 på 100 m – 10,02. Bronse i 4 x 100 m stafett (37,83)
  • VM 1995 i Göteborg: Sølv på 100 m – 10,03. Gull i 4 x 100 m stafett (38,31)
  • OL 1996 i Atlanta: Gull i 4 x 100 m stafett (37,69). Utslått i semifinalane på 100 m (10,13=nr 9)
  • VM 1997 i Aten: Gull i 4 x 100 m stafett (37,86). Nr 7 på 100 m – 10,12
  • VM 1999 i Sevilla: Sølv på 100 m – 9,84, bakom Maurice Greene (9,80)
  • OL 2000 i Sydney: Utslått i semifinalane på 100 m (=nr 16)
  • VM 2001 i Edmonton: Utslått i semifinalane på 100 m (11.39=nr 15)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]