Brurskanken

Koordinatar: 65°47′14″N 13°38′51″E / 65.78722°N 13.64750°E / 65.78722; 13.64750
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°47′14″N 13°38′51″E / 65.78722°N 13.64750°E / 65.78722; 13.64750

Brurskanken
fjell
Brurskanken over Austerbygda
Land  Noreg
Område Vefsn (Nordland)
Høgd 1 447 moh.
Kart
Brurskanken
65°47′14″N 13°38′51″E / 65.78722382°N 13.64750004°E / 65.78722382; 13.64750004
Wikimedia Commons: Brurskanken

Brurskanken (1447 moh.) er eit karakteristisk fjell i Vefsn kommune i Nordland. Fjellet har det sørsamiske namnet Brovrese.

Brurskanken ligg i austerdelen av kommunen, og frå toppen har ein utsikt austover mot Sverige og vestover mot Helgelandskysten. Fjellprofilen er synleg frå Mosjøen. Brurskanken er det nest høgste fjellet i kommunen.

Under fjellet ligg viktige beiteområde og kalvingsområde for rein.

Fjellet har gitt namn til «Brurskanken Turlag» som er ein lokalforening av Den Norske Turistforening. Tilbake i tid har fjellet òg gitt namn til «Brurskanken samiske kvindeforening» som var med og arrangerte det første samiske landsmøtet i 1917, og Brurskanken reinbeitedistrikt, som det i 1999 vart vedteke å slå saman med Brønnøy/Kvitfjell reinbeitedistrikt til Jillen-Njaarke reinbeitedistrikt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Statens kartverk, kartblad 1926 IV
  • Om reinbeitedistrikt, i sakspapir for Nordland områdestyre 28.09.06