Brusdalsvatnet

Koordinatar: 62°28′33″N 06°27′23″E / 62.47583°N 6.45639°E / 62.47583; 6.45639
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brusdalsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Ålesund
Nedslagsfelt 27,87[1] km²
Høgd over havet 26 moh.
Areal 7,52 km²
Middeldjupn 33 m
Største djupn 102 m
Volum 0,25 km³
Kystlengd1 22,92 km
Koordinatar 62°28′33″N 06°27′23″E / 62.47583°N 6.45639°E / 62.47583; 6.45639
Kart
Brusdalsvatnet
62°28′43″N 6°28′14″E / 62.47861111°N 6.47055556°E / 62.47861111; 6.47055556
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Brusdalsvatnet er ein innsjø som ligg på Uksenøya i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Brusdalsvatnet ligg om lag midt på Uksenøya og er langt og smalt, knapt 10 km langt og om lag 1,3 km breitt på det breiaste.

Frå Brusdalsvatnet renn vatnet gjennom Lillevannet, ein mindre innsjø nedanfor, gjennom Spjelkavikelva, og ut i Åsefjorden.

Brusdalsvatnet er drikkevatnet til Ålesund kommune.

I 2009 vart det funne oppsiktsvekkande høge verdiar av miljøgifta bromerte flammehemmarar (HBCDD) i botnslam i vatnet. Etter det Ålesund kommune og NIVA opplyser, skal ikkje dette ha betydning for vasskvaliteten på drikkevatnet.

Brusdalsvatnet innanfor Ålesund kommune rett aust for Moa.

Restriksjonar[endre | endre wikiteksten]

Sidan Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde gjeld ein del restriksjonar på og kring vatnet[2].

Det er forbod mot vegbygging i nedbørsfeltet. Mogeleg anleggsveg skal stengast med bom, og berre nyttast til drift av vassverket.

Det skal ikkje oppførast bygningar i nedbørsfeltet

Det er forbod mot å slå opp telt i nedbørsfeltet.

All båttrafikk på vatnet er forbode.

Det er berr lov å fiske med stong i Brusdalsvatnet, og berre for medlemmar av Skodje jeger- og fiskerforening.

Det er forbod mot gjødsling av vatnet for å auke fisket,

Sprøytemiddel kan ikkje brukast i nedbørsfeltet.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. «NVE Atlas». Vassdrag – Innsjødatabase – Dybdekart. Norges vassdrags- og energidirektorat. Vitja 13. mai 2023
  2. «Vern av drikkevasskjelder og konsesjonar». Ålesund kommune. 24. april 2023. Henta 11. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

«Forurensing av drikkevannskilden Brusdalsvatnet». Norges Miljøvernforbund. Henta 11. mai 2023.