Bruttonasjonalprodukt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For Banque Nationale de Paris, sjå BNP Paribas.

Bruttonasjonalprodukt (BNP) er eit mål på verdien av alt som vert produsert i eit land. BNP omfattar verdiskapinga i all marknadsretta næringsverksemd. I tillegg kjem verdiskaping i offentleg forvalting, friviljuge organisasjonar og produksjon for eige bruk. BNP vert mange gonger nytta som eit mål på velstandsnivået i eit land.

BNP er gjev eit mål på samla verdiskaping i eit land, og gjev samstundes uttrykk for opptent bruttoinntekt frå innanlandsk produksjon. BNP tilsvarar forkortinga GDPengelsk språk (Gross Domestic Product). BNP kan definerast og avgjerast ut frå tre ulike hovudmetodar som vert kalla produksjonsmetoda (I), utgiftsmetoda (II) og inntektsmetoda (III). I fyrste metode kan storleiken «korreksjon for FISIM» alternativt inngå i produktinnsats, og i driftsresultat i tredje metode.

Utrekning av BNP[endre | endre wikiteksten]

Produksjonsmetoda (I)[endre | endre wikiteksten]

  • Produksjon (basisverdi) - Produktinnsats (kjøparverdi) + Produktskattar - Produktsubsidiar - Korreksjon for FISIM
  • Produksjon (produsentverdi) - Produktinnsats (kjøparverdi) + Importskattar + Meirverdiavgift + Investeringsavgift + Toll - Korreksjon for FISIM
  • Bruttoprodukt i alt (basisverdi) + Produktskattar - Produktsubsidiar - Korreksjon for FISIM
  • Bruttoprodukt i alt (produsentverdi) + Importskattar + Meirverdiavgift + Investeringsavgift + Toll - Korreksjon for FISIM

Utgiftsmetoda (II)[endre | endre wikiteksten]

  • Konsum i alt + Bruttoinvestering i fast realkapital + Lagerendring + Eksport - Import
  • Sluttbruk i alt - Import
  • Innanlandsk sluttbruk i alt + Eksport - Import

Inntekstmetoda (III)[endre | endre wikiteksten]

  • Lønskostnadar + Driftsresultat + Kapitalslit + Produksjonsskattar - Produksjonssubsidiar - Korreksjon for FISIM

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]