Bryan Clay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bryan Clay
Bryan Clay Doha 2010-2.jpg
Fødd 3. januar 1980
Austin
Yrke friidrettsutøvar
Bryan Clay på Commons

Bryan Ezra Tsumoru Clay (fødd 3. januar 1980) er ein USA-amerikansk tidlegare mangekjempar, fødd i Austin i delstaten Texas. Han vart verdsmeister i tikamp i 2005 og olympisk meister i 2008.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Clay, som er av afro-asiat opphav, voks opp på Hawaii. Han deltok i verdsmeisterskapane i friidrett både i 2001 i Edmonton og i 2003 i Paris, men fullførte ikkje i tikampen korkje gongane. Under Sommar-OL 2004 sette han personleg rekord med 8 820 poeng og tok sølvmedaljen bakom tsjekkiske Roman Šebrle. Året etter oppnådde Clay 8 732 poeng i VM i friidrett 2005 i Helsinki og vann gullmedaljen, med ein margin på over 200 poeng til Šebrle.

I 2006 vann Clay meistermøtet i austerrikske Götzis. Han gav så opp etter fire øvingar då VM i friidrett 2007 fann stad i Osaka. Våren 2008 vann Clay innandørs-VM i tikamp i Valencia, ein prestasjon han gjentok i 2010 i Doha. I mellomtida vann han den olympiske gullmedaljen i tikamp under sommarleikane 2008 i Beijing etter å ha sanka 8 791 poeng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]