Bryan Sutton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bryan Sutton
Fødd1973 (48 år)
FødestadAsheville i Nord-Carolina i USA
OpphavUSA
AktivSidan 1997
SjangerCountry, bluegrass
InstrumentGitar
Banjo
Mandolin
Tilknytte artistarRicky Skaggs og Kentucky Thunder, Hot Rize
PlateselskapSugar Hill
Verka somMusikar

Bryan Sutton er ein USA-amerikansk musikar. Han er hovudsakleg kjend for å spele akustisk gitar med flatplukking. Sutton speler òg mandolin, banjo, ukulele og elektrisk gitar, og syng i tillegg til å vere låtskrivar.

Sutton vart først kjend i 1997 då han vart sologitarist i bandet til Ricky Skaggs, Kentucky Thunder då Skaggs vende attende til bluegrass. I 2002 vart han med i bluegrasskvartetten Hot Rize.

I tillegg har Sutton vore musikar for Dixie Chicks, Jerry Douglas, Sam Bush, Béla Fleck, Chris Thile, Tony Rice og andre.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bryan Sutton Bans». Music City Roots. Arkivert frå originalen 30. mai 2017. Henta 5. juni 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]