Bryggje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bryggene er viktige kulturminne som pregar hamnemiljøet i mange norske kystbyar, som her i Tromsø.
Brygge bygd ca 1910 ved «Skorpsjøen» i Dønna.
Flytebryggjer i Kuviga småbåthavn i Arendal.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Bryggje, òg skrive brygge, bryggja eller brygga, er på dei sørlege kystane av Noreg nytta om dei innretningane som òg vert kalla kai, særleg når kaia står vinkelrett på strandlina. Bryggje vert òg nytta om flytande innretningar til å fortøye båtar i, såkalla flytebryggjer.

vestlandskysten, og særleg på kysten nordetter frå Nordmøre, vert ordet bryggje òg nytta om eit sjøhus som ligg heilt i sjøkanten, gjerne slik at båtar har tilflott, det vil seie at dei kan verte fortøyde heilt innåt brygga for lasting og lossing.

Bryggja vart bruka som lager for utstyr som skulle brukast på sjøen og for varer som skulle skipast ut eller var førte til lands. Ei brygge kan ha ei vinne for å heise last i eller frå båtane.

I byane hadde gjerne kvar handelsmann si eiga bryggje. Gardar som låg eit stykke frå sjøen, kunne ha si eiga bryggje ved sjøen, ofte slik at mange gardar hadde bryggjene ståande attmed kvarandre. Somme stader var det vanleg å innreie bryggjeloftet for overnatting.

Med moderne transportmønster er det lite trong for tradisjonelle bryggjer. Dei bryggjene som er tekne vare på, har stort sett fått eit nytt bruksområde. Dei kan likevel ha namnet brygge i behald[1]. Bryggen i Bergen er eit vigjete døme på eit slikt historisk bryggjekompleks, medan Aker brygge i Oslo er eit nytt namn på eit gamalt område.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Kai. Sørover kysten vert ordet brygge bruka om ei kai, spesielt når det står vinkelrett på kystlina.
  • Byen Brugge vert uttala som brygge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Lydiabrygga i Sjøgata i Mosjøen vart eit kulturpolitisk symbol i arbeidet for å ta vare på gamle hus.