Bryllaupet i Kana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bryllaupet i Kana måla av Hieronymus Bosch.

Bryllaupet i Kana eller vinunderet i Kana er ei bibelsk forteljing om då Jesus gjorde vatn om til vin i Kana i Galilea. Ho blir fortald i andre kapittel av Johannesevangeliet, som også fortel at dette var det første underet eller teiknet Jesus gjorde (Joh 2,1-12.[1][2]

I evangelieforteljinga er Jesus, mor hans og disiplane inviterte til eit bryllaup. Då det blir slutt på vinen, nemner Maria det for sonen. Jesus seier først at tida hans endå ikkje er komen, men ber så tenarane fylla vatn i kara nytta til reinsingsrituala. Så ba han dei servera litt av dette til kjøkemeisteren, og då var det blitt til god vin.

Underet blir rekna som del av Jesus si openberring som Messias. Evangeliet fortel av «læresveinane hans trudde på han.» Markeringa av hendinga i kyrkjeåret er blitt lagt til 3. sundag i openberringstida.[3]

Plasseringa av Kana[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupskyrkja i Kafr Kanna.

I kristen tradisjon er fleire stader blitt identifiserte som Kana. Byen Kafr Kanna i noverande Israel er blitt rekna som staden underet fann stad sidan minst på 800-talet. Her er det bygd ei kyrkje, Bryllaupskyrkja, som skal vera staden der underet hende.

I byrjinga av 1990-talet hevda den libanesiske historie- og filosofiprofessoren Youssef Hourani at Qana i Sør-Libanon var identisk med Kana i Bibelen. Påstanden fekk meir merksemd då pave Johannes Paul II blei beden til staden og vitja han i mai 1997.[4][5]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Bryllaupet i Kana er eit vanleg motiv i kristen kunst. Dei best kjende framstillingane er eit måleri av Tintoretto frå 1561 i Santa Maria della Salute i Venezia og eit av Veronese frå 1563 som opphavleg var i kyrkja San Giorgio Maggiore i Venezia og no er i Louvre.[6]

Den eldste kjende framstillinga av motivet i Noreg er eit veggmåleri i Eidsborg stavkyrkje frå 1604. Det finst også på ei votivtavle i Lom stavkyrkje frå 1710.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Bibel - Nettbibelen», www.bibel.no, henta 2. juni 2019 
  2. H. Van der Loos, 1965 The Miracles of Jesus, E.J. Brill Press, s of Christ ISBN 0-88141-193-0 s. 71
  3. «Åpenbaringstiden», Den norske kirke (på bokmål), henta 2. juni 2019 
  4. Jesus in Galilee – Qana, Southern Lebanon. Läst 2012-07-03.
  5. Los Angeles Times: Postscript: Lebanese Site Claimed for Biblical Miracle: A professor disputes the traditional belief that Israel was where Jesus turned water into wine. Today, tourist dollars are at stake. Marilyn Raschka, 1. februar 1994. Henta 2012-07-03.
  6. 6,0 6,1 «Bryllupet i Kana». Store norske leksikon. Henta 2. juni 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Bryllaupet i Kana