Jujube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brystbær)
Jujube
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Trollheggfamilien Rhamnaceae
Slekt: Jujube Ziziphus
Mill., 1754

Jujube (Ziziphus) er ei planteslekt i trollheggfamilien. Fruktene blir kalla jujube, brystbær eller kinesiske dadlar. Jujube er ein gammal kulturplante i middelhavslanda og Aust-Asia. Fruktene kan etast rå, tørka eller sylta. Nokre stader er dei blitt brukt som medisin, mellom anna mot katarr. Kinajujube (Z. vulgaris) er eit av dei viktigaste fruktslaga i Kina. Indiajujube (Z. mauritiana) er noko mindre på storleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«jujuber» i Store norske leksikon, snl.no.