Bsharri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 34°15′4″N 36°0′40″E
Bsharri
بْشَرِّيْ
by
Bsharri.jpg
Bsharri frå andre sida av Qadishadalen (mot vest).
Land Flag of Lebanon.svg Libanon
guvernement Nord guvernement
Distrikt Bsharri distrikt
Høgd 1 500 moh.
Koordinatar 34°15′4″N 36°0′40″E
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Retningsnummer +961
Lebanon location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Bsharri

Bsharri (òg skrive Becharre, Bcharre, Bsharre; arabisk بْشَرِّيْ), er ein som ligg kring 1500 meter over havet i Kadishadalen nord i Libanon. Han ligg i Bsharri distrikt i Nord guvernement.

Bsharri er den einaste byen som har libanonseder og er fødestaden til den kjende diktaren, målaren og bilethoggaren Khalil Gibran som har eit museum i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Bsharri (بشرّي) finst i fønikiske språk og tyder «Huset Ishtar»,[1] Ishtar var ei gudinne som fønikarane dyrka før kristendomen kom til området.

Ei av kyrkjene i Bsharri.

Bsharri var ein fønikisk busetnader i antikken. Maronittiske kristne som flykta forfølgjing søkte tilflut i fjellområda på 600-talet. Kadishadalen, nedanfor byen, vart eit andeleg senter for den maronittiske kyrkja. Byen vart kalla Buissera av krossfararane.

Snø i Bsharri.

I motsetnad til andre delar av Libanon, var arameisk talespråk i Bsharri til godt inn på 1800-talet. Innbyggjarane i Bsharri har derfor ein særeigen akksent når dei snakkar arabisk.[treng kjelde]

Under den libanesiske borgarkrigen (1975–1990) var Bsharri ein bastion for kristen mot mot dei første palestinarane og syrarane. Mange av dei unge i byen vart med i Falangistpartiet i starten av borgarkrigen. I 1986 vart Samir Geagea frå Bsharri leiaren for dei kristne libanesiske styrkane (LF). Mange LF-militante kom frå byen under borgarkrigen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Bsharri har eit kontinentalt middelhavsklima (Csb/Dsb etter Köppen si klimaklassifisering), med tørre og milde somrar og kalde, snørike vintrar. Temperaturen om sommaren kan gå over 30 °C nokre få gonger i året. Om vinteren kan temperaturen falle til -15 °C. Kraftig snøfall skjer kvart år og snødjupner på over to meter kan oppstå.

Klimadata for Bsharri
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Normal maks. temp. °C 4 4 6 11 16 20 22 23 20 16 11 7 13 3
Døgnmiddeltemp. °C 0 0 2 7 11.5 15 17 17.5 15 11.5 7 3.5 8 9
Normal min. temp. °C -4 -4 -2 3 7 10 12 12 10 7 3 0 -4
Nedbør (mm) 221 166 127 61 31 4 0 0 6 39 97 172
Kjelde: climatetemp

[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Journée Antonine
  2. «Climate Historie for Bsharri,Libanon». Henta 7. september 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bsharri