Bu'eine Nujeidat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bu'eine Nujeidat
בועיינה-נוג'ידאת, بعينة-نجيدات
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°48′26.68″N 35°22′2.2″E
Areal 7,06 km²
Folketal 7 900  (2006)
Folketettleik 1 119 / km²
Bystatus 1980
Kart
Bu'eine Nujeidat
32°48′21″ N 35°21′54″ E
Wikimedia Commons: Bu'eine Nujeidat

Bu'eine Nujeidat er ein arabisk lokal kommune i Nord distrikt i Israel. Han består av to landsbyar, Bu'eine og Nujeidat, som vart slått saman i 1987 og fekk status som lokal kommune i 1996. I følgje Israelsk statistisk sentralbyrå (CBS) er folketalet 7 900 innbyggjarar (2006) der dei fleste er muslimar.

Bu'eine var ein palestinsk-arabisk landsby, og namnet kjem frå den nærliggande eldgamle landsbyen Beit Anat. Nujeidat var òg ein palestinsk-arabisk landsby, grunnlagd av soldatar frå Nejd som kom for å kjempe med armeen til Saladin på 1100-talet. Dei var kjend som Arab al-Nujeidat eller «arabarane frå Nejd», og gav namn til landsbyen.

Bu'eine vart erobra av det israelske forsvaret under den andre delen av Operasjon Dekel, 15-18. juli 1948.[1] Han vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.200.