Buøy Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Buøy Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bydelen Buøy i Stavanger, skipa 14. juni 1909. Laget er aktivt med i fotball og turn. Tidlegare har Buøy IL også vore med i handball og kappgang.

Buøy IL spelar i mørkeblå drakter, med ein brei, kvit midtstolpe i trøyene.

Buøy Idrettslag si sterkaste periode i seriefotballen varte frå 1960-åra til inn i 1980-åra, då laget tidvis spelte i 3. divisjon Rogaland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]