Bu i Hardanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bu er ei bygd på grensa mellom Ullensvang herad og Eidfjord kommune i Indre Hardanger. Bu ligg på sørsida av Eidfjorden, med Ytre Bu i Ullensvang og Indre Bu i Eidfjord.

Riksveg 13 går gjennom bygda. Det søre landfestet på Hardangerbrua er på Bu. Etter at brua vart ferdig i august 2013, går riksvegen over Eidfjorden i bru mellom Bu og Vallavik i Ulvik herad i staden for over ferjesambandet Bruravik-Brimnes, som vart lagd ned. Under bygginga av brua var det stor anleggsverksemd på Bu.

På Bu ligg Bu museum, som er ein del av Hardanger Folkemuseum.

4. juli 2011 var det ei helikopterulukke i fjella innom Bu. Helikopteret var frå Airlift i Kinsarvik og frakta mannskap til ei hyttebygging på Vassli. Fem personar omkom i ulukka.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. bt.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]