Bubble and Squeek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bubble and Squeek
RegiHarold Mack Sjå dette på Wikidata
Produsent(ar)George Moreno Sjå dette på Wikidata
ProduksjonsselskapBritish Animated Productions Sjå dette på Wikidata
DistributørPathé Sjå dette på Wikidata
Utgjevingsdato1947
OpphavslandStorbritannia Sjå dette på Wikidata
Språkengelsk

Bubble and Squeek er ein britisk animert teiknefilmserie skapt i 1947 av George Moreno Jr. Han blei gjeven ut av British Animated Productions i Harringay. Filmane skildra eventyra til dei to hovudfigurane Bubble, ein taxisjåfør, og Squeek, taxien han køyrer. Dei har namn etter den britiske retten bubble and squeak. Serien omfatta 4 korte filmar og 1 spinoffepisode som blei laga frå 1947 til 1948.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Amerikanske George Moreno Jr. var animatør for Universal/Lantz og Fleischer Studios frå 1938 til 1940, der han mellom anna arbeidde med Gulliver's Travels. Under andre verdskrigen blei han vener med Richard Smith, og viste han ideen om to figurar, Bubble og Squeak. Etter krigen utvikla Moreno Jr. og Smith studioet British Animation Productions, og produserte teiknefilm med figurane.[1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Dei humoristiske teiknefilmane tek for seg eventyra til dei to hovudfigurane. Bubble er ein taxisjåfåør, medan Squeek er taxien hans. Dei to vitjar fleire stader, frå eit karneval til eit heimsøkt hus.

Figurar[endre | endre wikiteksten]

Bubble er ein taxisjåfør med grønt skjerf, blå bukser, gul t-skjorte, brun jakke og hatt.

Squeek er ein taxi med blått karosseri og gule hjul.

Colonel Rat opptrer i Old Manor House og i Loch Ness Legend, der han prøver å finna Loch Ness-monsteret.

Willie the Worm opptrer i Loch Ness Legend. Willie hjelper Colonel Rat med å fanga monsteret ved å bruka seg sjølv som åte.

Episodar[endre | endre wikiteksten]

The Big City[endre | endre wikiteksten]

Bubble og Squeek dreg til London for å finna arbeid. Men Squeek er redd for den travle trafikken, og potensielle kundar blir stolne av andre drosjar. Dei drar heimover til Bubble har ein idé. Bubble og Squeek plukkar no raskt opp fleire kundar etter at dekka deiras på mystisk vis punkterer. Sjåaren finn ut kvifor i siste scene der Bubble ser ein bil koma og kastar ei teiknestift på vegen.[2]

Fun Fair[endre | endre wikiteksten]

Bubble blir vekka av ei avis som har ein reklame for eit tivoli. Bubble er interessert, men Squeek vil heller jobba. Squeek ombestemmer seg raskt når han ser at eit skinnande bilhorn med tre tonar er hovudpremien. Dei klarer ikkje få ned kokosnøtta som vil gje dei prisen. Ei spåkone gjev dei ein ny ball til å slå ned nøtta med, men dette verkar heller ikkje. Skamfull og tomhendt prøver Bubble å drepa seg sjølv, men Squeek dyttar pistolen og endar opp med å øydelegga tivoliet og kokosnøtten, noko som gjer at dei vinn hovudpremien.[3]

Home Sweet Home[endre | endre wikiteksten]

Ein landstrykande hund og loppene hans kjem til Bubble sitt hus og fortrenger den vesle bilen Little Squeeker, så ho prøver å blo kvitt han. Planane hennar fungerer ikkje, og ho ombestemmer seg når ho tenker på kva som vil skje om ein sender landstykaren vekk for godt.[4]

Old Manor House[endre | endre wikiteksten]

Bubble og Squeek blir fanga i ein storm, og søker tilflukt i eit aude herskapshus som tilhøyrer Colonel Rat. Colonel Rat er fast bestemt på å fakka inntrengarane. Både Bubble og Squeek trur herskapshuset er heimsøkt, og gøymer seg når Colonel Rat skyt kanonkuler mot dei. I løpet av kampen blir Colonel Rat vikla inn i ein fallskjermduk som får han til å sjå ut som eit spøkelse. Ein rustning fell over Bubble, som prøver å vera heltemodig ved å slost mot spøkelset. Dei blir overraska over å finna at han berre var ei lita rotte.[5]

Loch Ness Legend[endre | endre wikiteksten]

Episoden er ein spin-off med Colonel Rat og Willie the Worm som detektivar. Dei dreg til Loch Ness for å finna ut om monsteret der er verkeleg. Colonel Rat finn det i ei elv ved å bruka Willie the Worm som åte. Monsteret fortel han at ho er ei myte. Deretter hopper ho av garde til fjella.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Animation Anecdotes #356 |». cartoonresearch.com (på engelsk). Henta 30. mars 2018. 
  2. «The Big City (1947)». 
  3. DataBase, The Big Cartoon. «Fun Fair (British Animated Productions.)». Big Cartoon DataBase (BCDB) (på engelsk). Henta 6. februar 2018. 
  4. DataBase, The Big Cartoon. «Home Sweet Home (British Animated Productions)». Big Cartoon DataBase (BCDB) (på engelsk). Henta 7. februar 2018. 
  5. DataBase, The Big Cartoon. «Old Manor House (British Animated Productions)». Big Cartoon DataBase (BCDB) (på engelsk). Henta 7. februar 2018. 
  6. pebey (10. februar 2013), Bubble and Squeek present Loch Ness Legend, henta 7. februar 2018 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]