Bucegifjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bucegifjella om våren.

Bucegifjella er ei fjellkjede sentralt i Romania, sør for byen Braşov. Dei er ein del av Dei sørlege Karpatane, ei gruppe i Karpatane.

I aust stupar Bucegifjella bratt ned mot Prahovadalen, ein populær turistdestinasjon (med mellom anna Buşteni og Sinaia). I høgda ligg Bucegiplatået der vind og regn har skapt spesielle steinformasjon som «Sfinksen» og «Babele».

Fjella er delt inn i tre område:

Branpasset går mellom Piatra Craiului og Leaota-fjella og var tidlegare markert med ein grensovergang mellom Valakia og Transylvania og vart forsvart av Branslottet.

Ein meiner at Bucegifjella var trakarane sitt heilage fjell Kogainon der den mytiske personen Zalmoxis budde i ei grotte[1]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]