Buckle Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 66°39′S 163°3′E
Buckle Island
øy
none  Buckle Island er den midtre av Ballenyøyane
Buckle Island er den midtre av Ballenyøyane
Land Flag of New Zealand.svg Ross Dependency
Øygruppe Ballenyøyane
koordinatar 66°39′S 163°3′E
Lengd km
Breidde km
Høgd 1 239 m
Folketal 0
Type Stratovulkan
siste utbrot 1899
Buckle Island is located in Antarktis
Buckle Island (Antarktis)

Buckle Island er ei av tre hovudøyar i dei folketomme Ballenyøyane i Sørishavet. Ho ligg 25 km nordvest for Sturge Island og 8 km søraust for Young Island, kring 110 km nord-nordaust for Belousov Point på det antarktiske fastlandet.

Øya er omtrent trekanta med ei lang side i aust og vest og ei kort side i nord. Ho er kring 4 km brei nord og 8 km brei i sør. Øya har vulkansk opphav og er framleis vulkansk aktiv. Det siste utbrotet kom i 1899.

Det nordlegaste punktet på Buckle Island erCape Cornish. Fleire små holmar ligg i sundet mellom Cape Cornish og Young Island, og den største av desse er Borradaile Island. Fleire mindre holmar ligg utanfor sørkysten av øya, Cape McNab, mellom anna Sabrina Islet og den 80 meter høge stauren The Monolith. Både Buckle Island og Sabrina Islet har koloniar av adelie og ringpingvinar.

Øyane er ein del av Ross Dependency, som New Zealand gjer krav på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]