Bud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bud
tettstad
Sjøbuer i Bud
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Hustadvika
Areal 0,79 km²
Folketal 792  (2023)
Folketettleik 1 003 / km²
Postnummer 6430 BUD
Kart
Bud
62°54′23″N 6°54′47″E / 62.906388888889°N 6.9130555555556°E / 62.906388888889; 6.9130555555556
Wikimedia Commons: Bud, Norway

Bud er ein tettstad og eit fiskevær i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Tettstaden har 792 innbyggjarar per 1. januar 2023. Bud var tidlegare òg ein kommune.

Bud kommune[endre | endre wikiteksten]

Bud kommune vart oppretta som Bud formannskapsdistrikt i 1837.

1. januar 1878 vart ein del av Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes. Det er noko uklårt om dette gjeld Kvernes sokn og/eller Kvernes kommune. 1. januar 1891 vart garden Bollien i Bud med 15 innbyggjarar overført til Kvernes kommune. 1. juli 1918 vart Hustad utskild som eigen kommune. Bud hadde 1 397 innbyggjarar etter frådelinga.[1]

1. januar 1964 vart Bud, Fræna og Hustad kommunar samanslegne til den nye Fræna kommune. Bud hadde 1 610 innbyggjarar ved samanslåinga.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Bud kommune frå 1918 til 1964:

1.7.1918[1] 1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1964[1]
1397 1396 1475 1521 1557 1623 1610

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.