Budakilagunen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46°00′N 30°21′E
Budakilagunen
lagune
Sergeevka5.JPG
Budakilagunen nær Sergijivka
Land Flag of Ukraine.svg Ukraina
By Sergijivka
Stad Svartehavet
 - koordinatar 46°00′N 30°21′E
Lengd 17 km
Areal 31 km²
Volum 31 mill. m³
Saltinnhald ~14‰
Ukraine location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Budaki Lagoon

Budakilagunen eller Budakskyjjlagunen (andre namn: Sjabolatskyj-limanen, Sjabolat, Budakskyj-limanen; ukrainsk Будацький лиман, Шаболат, rumensk Limanul Budachi, Şabolat) er ein lagune (liman) i Svartehavet i Bessarabia, sør i Ukraina. Han ligg 18 km frå byen Bilhorod-Dnistrovskyj. Lagunen er skild frå Svartehavet av ein 80–200 meter brei sandbanke. Kurstaden Sergijivka ligg ved breidda av lagunen.

Lagunen er 17 km lang, 1,5 km brei, 0,8-2,4 meter over havet, med eit areal på 27–32 km². Sandbanken er kring 18 km lang og 80-200 meter brei. Lagunen er grunn, på det djupaste 2,2 meter og i snitt 1 meter. Om sommaren vert temperaturen i vatnetn 26-28 °С, og opp mot 33 °С på det grunnaste.

Dei siste 20 åra har saltinnhaldet i limanen variert mellom 2 og 32‰. I dag er den minst salt delen Akkembetbukta og den nordaustlege delen av lagunen, som er knytt til Dnestrestuaret (salinitet 2-14‰), og den saltaste delen er i sørvest (15-32‰).

Namnet på lagunen, Budaki er det gamle namnet på landsbyen Prymorske, som kjem frå tyrkisk Bucak, som tyder hjørne. Eit anna namn på lagunen er Sjabolat, som kjem frå namnet på ein annan landsby, Sjabo (tyrkisk Acha-abag - nedre hagar), som ligg nord for lagunen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Budaki Lagoon» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
  • Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 s. (på russisk)
  • North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 s.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]