Budapest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Budapest
Flagget til Budapest Byvåpenet til Budapest
Flagget til Budapest Byvåpenet til Budapest
Kallenamn
«Donaus perle» eller «Dronninga av Donau», «Hjarta av Europa», «Fridomshovudstaden»
Plassering
Budapest is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Nord-Ungarn
Budapest
Grunnlagd 89 e.Kr.
Borgarmeister Gábor Demszky
Geografi
Flatevidd
 - By

525,16 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik
 - Storbyområde

1 697 343
  3 232/km²
2 421 831
Koordinatar 47°28′19″N 19°03′01″EKoordinatar: 47°28′19″N 19°03′01″E
Høgd over havet 102 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 1010–1239
Telefon-retningsnummer 061
Heimeside: budapest.hu


Budapest er hovudstad i Ungarn. Namnet er set saman av namna på to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si side av elva Donau. Byen breier seg over eit areal på vel 500 kvadratkilometer. På Buda-sida ligg Gellert-berget med citadellet, borghaugen med det gigantiske slottskomplekset og bydelen bak Matthias-kyrkja. På den flate Pest-sida ligg parlamentet, forretningar og administrasjonsbygningar, dei praktfulle hovudgatene og dei store bustadkvartera. Byen har 1,7 millonar innbyggjarar (2007).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Romarane grunnla byen Aquincum omkring år 89 evt., der ein keltisk by tidlegare hadde lege. Frå år 106 til 300-talet var Aquincum hovudstaden i den romerske provinsen Pannonien. Contra Aquincum (eller Trans Aquincum) var det noverande Pest.

Omkring år 900 kom magyarane, forfedrane til dei moderne ungararane, til området. I mellomalderen vart dei to byane Buda og Pest viktige. Buda vart sete for eit kongeleg slott i 1247, og i 1361 vart byen hovudstad i Ungarn. Pest vart øydelagt av mongolane i 1241, men vart fort oppattreist.

Det osmanske riket si erobring av Ungarn på 1500-talet avbraut veksten til byane: Pest fall til osmannarane i 1526 og Buda fall 15 år seinare. Buda vart hovudstad for ein osmansk guvernør, medan Pest vart forlatt inntil habsburgarane inntok byen i 1686.

Det var Pest, heimstad for adminstrasjon sidan 1723, som voks raskast på 1700- og 1800-talet. I 1800 var Pest større enn Buda og Óbuda til saman. Folketalet til Pest 20-dobla seg på 1800-talet til 600 000, medan folketalet til Buda og Óbuda berre var 4 gonger større i 1900 enn i 1800.

Samanslåinga av dei tre byane under éi kommunal leiing, først gjennomført av den revolusjonære ungarske regjeringa i 1849, men endra tilbake av den habsburgske leiinga, vart til slutt slått fast av den ungarske kongelege regjeringa, etablert under den austerriksk-ungarske Ausgleich i 1867. Folketalet i den nye byen, Budapest, voks 7 gonger i storleik frå 1840 til 1900 til 730 000. Budapest var ein retteleg imperial by, ved at byen var hovudstad i den ungarske delen av Austerrike-Ungarn. Den ungarske regjeringa var ein viktig styringsreiskap for keisarriket. Mange av dei største bygningane i byen stammar frå 1800-talet

I løpet av 1900-talet voks folketalet særleg i forstadene. Folketalet i Újpest dobla seg fra 1890 til 1910 og Kispest firedobla seg frå 1900 til 1920, fordi det meste av industrien i landet vart lagt til byen. Landet sine store menneskelege tap i første verdskrigen og Ungarn sine tap av store landområde i 1920 var berre midlertidige problem. Byen var no hovudstad i eit mindre, men sjølvstendig land.

Omkring ein tredel av Budapest sine 200 000 jødar døydde i andre verdskrigen etter Tyskland sin okkupasjon i 1944. Budapest vart kraftig øydelagt under den sovjetiske omleiringa i 1944. Byen kom på fote att i 1950- og 1960-åra under den kommunistiske regjeringa, og vart delvis eit utstillingsvindauge for framvisning av regjeringa sin meir pragmatiske politikk frå og med 1960-åra. Sidan 1980-åra og kommunismens fall har byen, som heile landet, vore ramma av fråflytting.

Bydelar[endre | endre wikiteksten]

St. Stefans-basilikaen

Historiske folketal[endre | endre wikiteksten]

1800: 54 200 innbyggjarar
1830: 102 700
1850: 178 000
1880: 370 800
1900: 733 400
1925: 957 800
1985: 2 000 007
2002: 1 800 000

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Budapest