Budapestargambit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Diagram 1: Etter 1.d4 Sf6 2.c4 e5

Budapestargambit (ECO-kodane A51 og A52) er ei sjakkopning som blir definert av opningstrekka

  • 1.d4 Sf6
  • 2.c4 e5 (diagram 1).

Med det andre trekket sitt går svart straks til angrep mot det kvite sentrumet, og ofrar ein bonde for å gjere dette. Som regel er dette eit mellombels offer fordi å tvihalde på bonden bind opp dei kvite brikkene. I staden brukar kvit å fullføre utviklinga si raskt, ved å la svart ta tilbake bonden.

Det einaste trekket som gir eit seriøst håp om fordel for kvit er 3.dxe5 og svart må flytte springaren igjen. Vanlegvis spelar svart 3...Sg4, men Fajarowiczvarianten 3...Se4, ein ekte gambit, blir også spela av og til.

Etter 3...Sg4 er 4.Lf4 (det grådige 4.Dd4 d6 5.exd6 Lxd6 6.Sf3 (6.Dxg7?? er ei tabbe på grunn av 6...Le5) 0-0 7.Lg5 er også mogleg, men lite spela) Sc5 5.Sf3 Lb4+ 6.Sbd2 (6.Sc3 De7 7.Dd5!? er mogleg, svart sitt beste svar er gambiten 7...f6 8.exf6 Lxc3+ 9.bxc3 Sxf6, og svart kan angripe dei svake c-bøndene) De7 7.a3 Sgxe5 8.Sxe5 (og ikkje 8.axb4?? Sd3 matt) Sxe5 9.e3 Lxd2+ 10.Dxd2 med liten fordel til kvit.

Budapestergambit blir spela berre sjeldant blant dei sterkaste spelarane, men blir spela ein del på amatørnivå.

Opningsfelle[endre | endre wikiteksten]

a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Diagram 2: Etter 3. d5 Lc5 4. Lg5 Se4 5. Lxd8 Lxf2#

Avslått Budapestargambit (ECO A51) inneheld eit høve for svart til å sette den kvite kongen sjakkmatt i femte trekk viss kvit ikkje er vaken og får avverja. Trekka går slik:

  • 3. d5 Lc5
  • 4. Lg5 Se4
  • 5. Lxd8 Lxf2# (diagram 2)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]