Buefjorden

Koordinatar: 61°13′59.682″N 4°37′20.993″E / 61.23324500°N 4.62249806°E / 61.23324500; 4.62249806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°13′59.682″N 4°37′20.993″E / 61.23324500°N 4.62249806°E / 61.23324500; 4.62249806

Buefjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Solund, Askvoll
Kart
Buefjorden
61°15′N 4°40′E / 61.25°N 4.67°E / 61.25; 4.67

Buefjorden er ein fjord ytst i havgapet langs kommunegrensa mellom Solund i sør og Askvoll i nord. Den indre delen av fjorden ligg i Fjaler kommune i Sunnfjord i Vestland fylke. Fjorden har ei lengd på om lag 16 km og strekkjer seg frå vest til aust.

Fjorden ligg på sørsida av Bulandet, som fjorden er kalla opp etter, og Værlandet. På sørsida av fjorden ligg øyane Ospa, Drivøyna, Færøyna, Buskøyna og Sula. På øya Sula går Hagefjorden rett sørover. Fjorden strekkjer seg inn til øyane Lammetu og Lutelandet og her deler fjorden seg i tre. På nordsida av Lammetu byrjar Vilnesfjorden, sør for Lutelandet ligg Korssundsosen der Skifjorden held fram rett austover. Sør for Korssundsosen ligg Sakrisøyna og sør for denne igjen startar Åfjorden.

Innanfor Lutelandet ligg Bygdevågen og grenda Nordre Folkestad.