Buffalo Soldier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
«Buffalo Soldiers» frå 25. Infanteriregiment.
«Dreadlock rasta».

«Buffalo Soldier» er ein reggaesong skriven av Bob Marley og Noel G. Williams. Han vart spelt inn av Bob Marley & The Wailers i 1980 og var den siste innspelinga til Marley. Songen vart ikkje kjend før etter at Marley døydde i 1981 og med albumet Confrontation i 1983. Han vart ein stor hit og ein av dei mest kjende songane til Marley og mykje spela i radio. Bob Marley var frå Jamaica.

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Buffalo Soldier går i A-dur. Tittelen og teksten viser til dei USA-amerikanske kavaleri- og infanteriregimenta som i 1866 vart samansett av svarte soldatar. Dei vart kjent som «Buffalo Soldiers» og kjempa mot indianarane. Bob Marley samanligna deira kamp med kampen for å overleve og brukte det som eit symbol for svart motstand.[1] Songen samanstillar kampen til afroamerikanarane frå dei blei «stolen from Africa» som slavar til Amerika, og korleis dei alltid hadde måtta kjempa: «Fighting on arrival, fighting for survival». Buffalo soldiers blir også samanstild med ein «dreadlock rasta», eller rastafarianar med dreadlocks.

Linjene med «Woy yoy yoy yoy» er lik «Tra La La» songen til koret i «Banana Split» si TV-framsyning i 1968. Det var ulike meiningar om dette var ei etterligning (plagiat). Men det vart aldri nokon konflikt i samband med dette.[2]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Black Heretics, Black Prophets: Radical Political Intellectuals - Bogues, Anthony, Page 198, via Google Books. Accessed 2008-06-28.
  2. Adam Conner-Simons (July 24, 2007), Picking Up What They're Laying Down, Gelf Magazine