Habbaniyahsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Buhayrat al Habbaniyah)
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 33°17′43″N 43°27′10″E
Habbaniyahsjøen
innsjø
Buhayrat al-Habbaniyah.jpg
Amerikansk militærhelikopter over Habbaniyahsjøen
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Al Anbar guvernement
Tilsig Eufrat
Utløp Milhsjøen
Koordinatar 33°17′43″N 43°27′10″E
Areal 140 km²
Iraq physical map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lake Habbaniyah

Habbaniyahsjøen er ein gjørmete innsjø i Anbar guvernement i Irak.[1]

Seint i 1930- og 1940-åra vart Habbaniyahsjøen nytta av Imperial Airways som bunkringsstad og hotell for flybåtar som flydde mellom Storbritannia og India. I nærleiken, ved breidda av Eufrat, hadde Royal Air Force alt oppretta flybasen RAF Dhibban, seinare kalla RAF Habbaniya.

Området var åstad for kampar under Rashid Ali-opprøret under den engelsk-irakiske krigen då flymannskap og soldatar frå RAF effektivt stogga ei kringsetjing av irakiske soldatar og eit påfølgjande tysk flyåtak.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Duraid Adnan and Timothy Williams (23. august 2009). «Dancing by the Waves, Iraqis Forget War for a Day». New York Times. Henta 19. april 2018.