Bukkene Bruse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For eventyret, sjå Dei tre bukkane Bruse.

Bukkene Bruse
OpphavNoreg
Aktivca. 1988-
SjangerFolkemusikk
PlateselskapGrappa musikkforlag, Heilo
MedlemmerAnnbjørg Lien
Arve Moen Bergset
Steinar Ofsdal
Bjørn Ole Rasch
PrisarSpellemannprisen for årets barneplate

Bukkene Bruse er ei norsk folkemusikkgruppe som vart danna om lag i 1988. Gruppa bestod opphavleg av trioen Annbjørg Lien, Arve Moen Bergset og Steinar Ofsdal. Namnet passa difor godt, sidan det var tre medlemer i gruppa, slik det var tre bukkar i eventyret. Gruppa spela både religiøse folketonar, nytolkingar av slåttar og stev samt eigenkomponerte songar. I 1997 blei Bjørn Ole Rasch nytt medlem av gruppa.

Gruppekarriere[endre | endre wikiteksten]

Medlemene i Bukkene Bruse meistra mange instrument. Både Arve Moen Bergset og Annbjørg Lien spela både hardingfele og vanleg fele, Annbjørg Lien spela også nyckelharpa, og Bergset kveda. Steinar Ofsdal spela ulike typer fløyte og Bjørn Ole Rasch spela forskjellige tangentinstrument.

1993 vart det store gjennombrotsåret for Bukkene Bruse. Debutplata, som fekk namnet Bukkene Bruse, kom ut i 1993 på Grappa musikkforlag. Same året vart trioen vald ut til å vera offisielle OL-musikarar i samband med Vinter-OL 1994Lillehammer. Gruppa reiste på turné til mange land i 1993, og fekk slik ein meir internasjonal tilhøyrarskare. Dei bidrog også til avslutningsseremonien av dei olympiske leikane i 1994.[1] I 1993 spelte Bukkene Bruse også inn barneplata Våre beste barnesanger 2 saman med Geirr Lystrup, Anne Kari Hårnes og Kirsten Bråten Berg. I byrjinga av 1994 vann plata Spellemannprisen 1993 i kategorien Barneplate.

I 1995 kom Bukkane Bruse si oppfylgjarplate, Åre ut på Grappa. I 1997 kom plate nummer tre, Steinstolen ut, denne gongen på Plateselskapet Heilo. Dette var også den fyrste plata keyboardisten Bjørn Ole Rasch var med som fjerde medlemmet i gruppa. Etter dette gav gruppa ut plata Den fagraste rosa frå 2001, på Grappa. I 2004 gav Bukkene Bruse ut si fyrste live-plate, Spel. Dette er foreløpig den siste plata gruppa har gjeve ut.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Dei tre nyaste studioplatene til Bukkene Bruse, Åre, Steinstolen og Den fagraste rosa vart alle nominerte til Spellemannprisen for kvar sitt år. Likevel er det berre Våre beste barnesanger 2 Bukkene Bruse har vore med og vunne Spellemann for. I tillegg vann dei Prøysenprisen i 1999. Dessutan kan det nemnast at The Stone Chair (den engelske utgåva av Steinstolen) vart kåra til beste world music-plate på Listmania hjå den store nettbutikken Amazon.com i 2002.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Bukkene Bruse (Grappa, 1993)
  • Åre (Grappa, 1995)
  • Steinstolen (Heilo, 1997) - Gitt ut i USA som The Stone Chair (North Side, 1999)
  • Den fagraste rosa (Grappa, 2001) - Gitt ut i USA som The Loveliest Rose (North Side, 2002)
  • Spel (Grappa, 2004) Liveplate

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]