Bulandet bedehuskapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°17′2″N 4°37′38″E

Bulandet bedehuskapell
kapell
Bulandet bedehuskapell fra RA 20170705-212904-jpg.jpg

Foto: Roger Grimelid/Riksantikvaren

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Askvoll
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Sokn Askvoll
Fellesråd Askvoll
Type Langkyrkje
Material Tre
Innvigd 27. juli 1909
 - Endringar 1909: påbygd kor og tårn
Sitjeplassar 170
Wikimedia Commons: Bulandet bedehuskapell

Bulandet bedehuskapell står på Kjempeneset i Bulandet i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, og er eit ombygd bedehus frå 1905.

Bulandet bedehuskapell is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Bulandet bedehuskapell

Bedehuset vart vigsla som kapell 27. juli 1909, etter å ha vorte påbygd kor og klokketårn. På 1960-talet vart bygget restaurert og det vart bygd på sakresti. Fram til 1938 vart folk på Bulandet og Værlandet gravlagde ved Vilnes kyrkjeAtløy, men då vart det opna kyrkjegard på Værlandet. Bulandet fekk eigen gravplass i 1976. Han ligg på Kjempeneset, ikkje så langt unna bedehuskapellet.

Også tidlegare har det vore kapell i Bulandet, men dei er det berre nokre stadnamn att etter. Det første kapellet skal ha stått på Kyrkjeøyna ved Sandøya. Sidan skal det ha stått eit kapell på ein stad dei framleis kallar Kyrkjebakken på øya Gjelsa.[1] Dette vart rive i 1813.[2]

Bulandet bedehuskapell høyrer til Askvoll sokn i Sunnfjord prosti. Fram til 1. januar 2006 høyrde det til Vilnes sokn, men då vart sokna i prestegjeldet slegne saman tii eitt, Askvoll prestegjeld. Prestegjelda er seinare utfasa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Red: Alf Henry Rasmussen – «Bulandet bedehuskapell» på s. 336 i Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]