Bulqizë

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bulqizë
Buallipasset med Bulqizë i bakgrunnen
Buallipasset med Bulqizë i bakgrunnen
Byvåpenet til Bulqizë
Byvåpenet til Bulqizë
Styresmakter
Land
Region
Albania
Dibër
Geografi
Flatevidd
 - By

679 km²
Innbyggjarar
 - By (2011)

31 210[1]
Koordinatar 41°29′32″N 20°13′10″EKoordinatar: 41°29′32″N 20°13′10″E
Tidssone CET (UTC+1)
Plassering
Bulqizë kommune innafor regionen Dibër
Bulqizë kommune innafor regionen Dibër

Bulqizë er by og ein kommune i regionen Dibër i Albania. Kommunen ligg i den nordlege delen av landet og grensar i sørvest til regionen Tirana og i sør til regionen Elbasan. I aust ligg nabolandet Nord-Makedonia.

Kommunen vart oppretta gjennom ei admininistrasjonsreform i 2014, ved at den tidlegare bykommunen Bulqizë vart slått saman med landkommunane Martanesh, Fushë-Bulqizë, Zerqan, Shupenzë, Gjoricë, Ostren og Trebisht.[2] Dei tidlegare kommunane inngår no som kommunaleiningar i den nye storkommunen.

Ved folketeljinga i 2011 hadde den dåverande bykommunen Bulqizë 8 177 innbyggjarar, medan dei dei åtte kommunane som i dag utgjer storkommunen Bulqizë, til saman 31 210 innbyggjarar.[1]

Tidlegare administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Fram til år 2000 var dei tidlegare by- og landkommunane ein del av distriktet Bulqizë.[3] Den dåverande bykommunen omfatta sjølve byen Bulqizë og busetnadene:[2]

  • Vajkal nr. 1
  • Vajkal nr. 2

Referansar[endre | endre wikiteksten]