Bunnefjorden
Bunnefjorden | |||
fjord | |||
Flyfoto over Indre Oslofjord med Nesodden som stikk ut frå venstre biletkanten og Bunnefjorden i framgrunnen
Foto: Chell Hill, 2010 | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Bunnefjorden | |||
Wikimedia Commons: Bunnefjorden | |||
Bunnefjorden er den delen av Oslofjorden som ligg aust for Nesodden, som stikk ut som ei halvøy mellom Bunnefjorden og Indre Oslofjord. Den nordaustlege delen av Bunnefjorden ligg i Oslo kommune, den inste (sørlegaste) delen ligg i Ås kommune og resten er delt mellom Nesodden og Frogn kommunar i vest og Nordre Follo kommune i aust. Bunnefjorden er om lag 17 kilometer lang.
Bunnefjorden har lita eller inga vassutskifting i lange periodar, det vil seie over fleire år, og vatnet har dårleg kvalitet, særleg nær botnen. Det er ingen større elvar som renn ut i Bunnefjorden.
Dei største øyane i Bunnefjorden er Langøyene, Malmøya, Ulvøya, Ormøya, Gressholmen og Husbergøya.