Burfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Burfjorden (samisk Buvrovuotna) er ein fjordarm av Kvænangen i Kvænangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 8 km sørover til bygda Burfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Slettneset i sørvest og Storengneset i nordaust. Nord for Storengneset går Lille Altafjorden austover til Alteidet. Storeng er ei lita grend på austsida av fjorden ved innløpet. Buktenes er ei anna grend som ligg på vestsida nesten heilt inn i fjorden.

E6 går langs heile austsida av fjorden, medan Fv363 går langs vestsida.