Burgazada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burgazada sett frå Heybeliada
Båthamna i Burgazada

Burgazada, Burgazadası eller Burgaz (gresk Αντιγόνη, Antigoni) er den tredje største øya i Kızıl Adalar i Marmarahavet, nær Istanbul.

Ho er offisielt eit nabolag i distriktet Adalar i Istanbul i Tyrkia. Burgaz er ofte nemnd av forfattaren Sait Faik Abasıyanık, som òg bude på øya. I dag er heimen hans eit museum. I 2003 vart Burgaz råka av ein kraftig skogbrann, og mista fire kvadratkilometer med skogområde.

Øya består av ein enkel ås som måler 2 kilometer på tvers. Demetrius I av Makedonia, ein av etterkomarane til Aleksander den store, bygde ei festning (gresk Pyrgos for borg) her og kalla ho opp etter faren Antigonus I Monophthalmus. Øya tok dette namnet, men vert i dag av tyrkarane generelt berre kalla Burgaz.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°52′48″N 29°3′42″E