Burghead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Burghead

skotsk-gælisk
skotsk
Am Broch
Burgheid
Plassering
Burghead is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Moray
Tradisjonelt grevskap Moray
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 640
Koordinatar 57°42′″N 3°29′″WKoordinatar: 57°42′″N 3°29′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer IV30
Telefon-retningsnummer 0 1343
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Burghead

Burghead er ein liten by i regionen Moray i Skottland. Han har kring 1500 innbyggjarar. Byen er hovudsakleg bygd på ei halvøy som går nordvestover inn i fjorden Moray Firth, og det meste av byen har derfor havet på tre sider.

Den noverande byen vart bygd mellom 1805 og 1809 og i same prosess vart meir enn halvparten av ei viktig piktisk bygdeborg øydelagt. Kartet til general William Roy viser forsvarsverket slik det eksisterte på 1700-talet, men han tilskreiv borga feilaktig til romarane (som var hovudinteressa hans). Borga var truleg eit stort piktisk senter og det har vorte funne steinplater med utskorne bilete av oksar, kjent som Burghead-oksane. Ein kammerbrønn av stor oldtidsinteresse vart oppdaga i 1809. Kvart år den 11. januar blir det halde ein brannfestival kjent som «Burning of the clavie». Ein trur at festivalen går tilbake til 1700-talet, men opphavet til tradisjonen kan i seg sjølv vere enno eldre. Burghead er ofte kjent som «The Broch» av dei lokale, forvirrande nok er òg Fraserburgh kjent som det same.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jernalderfestningar[endre | endre wikiteksten]

Burghead-okse

Den glasserte festninga ligg på toppen av ein odde som gjev eit omfattande utsyn over Moray Firth. Det var i si tid trudd å vere den same staden Klaudios Ptolemaios omtalte som «Ptoroton», men er no fastslått å vere av piktisk opphav. Sagaa til orknøyingane kalla Borghead for «Torffness».

Borga omfattar tre hektar og er tre gonger større enn noko anna bygdeborg frå same periode i Skottland, og er òg trudd å vere det eldste piktiske festningsanlegg i Skottland. Det vart forsvart på landsida av tre jordvoller og vollgraver som vart øydelagt under bygginga av hamna og den moderne byen. Alderen deira er difor ukjend[1]. Seks utskorne steintavler kjent som «Burghead-oksane» (Burghead Bulls) vart oppdaga i løpet av utgravingane. Fire av originalane blir oppbevart lokalt og ein kvar er i høvesvis Royal Museum i Edinburgh, og i British Museum i London.

Det meste av borga vart øydelagt under bygginga av byen i 1805-1809. Doorie Hill (sjå nedanfor) som marker samband til festninga og borggarden, er den einaste gjenverande delen av den sørlege festningsvollen. Ein del av av den austlege og nordlege vollen er òg synleg[2].

Kammerbrønn[endre | endre wikiteksten]

Burgheads kammerbrønn ved inngangen

Brønnen til Burghead, som ligg i nærleiken av bygdeborga, vart oppdaga i 1809. Han består av ei steintrapp som fører ned til eit kammar som inneheld ein tank fylt med kjeldevatn. Det er ei frise på dei øvre veggene, ein pidestal i det søraustlege hjørnet og ein nedsøkkt tank i det nordvestlege hjørnet. Kammeret er 3,4 meter høgt og 1,2 meter djupt.

Oppdaginga vart gjort i løpet av utgravingane der ein såg etter ein mogleg vasstilgang etter at ein eldre fiskar hadde gjenfortalt ein gammal tradisjon om ein brønn i nærleiken. Talrike tillegg som å hogge nye trinn og fordjupe tanken vart gjort, men tilstrøyminga av vatn viste seg ikkje å vere tilfredsstillande for den planlagde funksjonen. På den tida då oppdaginga skjedde vart det trudd at både borga og brønnen var av romersk opphav, og sistnemnde vart såleis feilaktig skildra som eit «romersk bad». Seinare på 1800-talet vart det foreslått at det var eit tidleg kristen dåpskapell tilknytt kulten til sankt Ethan, men opphavet til denne har vore uklar til den dag i dag. Han er ganske sikkert frå tidleg mellomalder og hadde opplagt ei form for seremoniell tyding[3]. Det er mogleg at hovudføremålet var å skaffe vasstilgang til borga, og kan kanskje tyde på ei piktisk religiøs interesse i vassander [4].

Festivalbrenning[endre | endre wikiteksten]

Ein brannfestival med heidenske trekk kalla for «Burning of the clavie» blir halden den 11. januar kvart år, unntatt når den 11. fell på ein sundag då han blir halden dagen før. Festivalen startar klokka 18.00 i Granary street og blir vanlegvis avslutta rundt klokka 19.00.

I 1599 utskreiv det skotske parlamentet ei lov under Jakob VI av Skottland om å gjere 1. januar til den offisielle førstenyttårsdag og at året 1600 skulle vere første gongen det var i bruk, men halde på juliansk kalender. I 1752 gjekk Storbritannia over til den gregorianske kalenderen då dagen som følgde den 2. september vart den 14. september. Det skotske «Auld Yuil» (uttalast al il, engelsk Old Yule, norsk Gammal jul) vart difor feira 12 dagar etter den 1. januar og «Burning of the clavie» var på kvelden av det nye året[5].

«Burning of the clavie»

Den 20. januar 1689 vart ein ung mann frå landsbyen irettesett av kyrkjeretten for å ha «brunne kvister, gjeve det overtruisk dyrking, og velsigna båtane etter gammal heidensk skikk» [6] Tradisjonen har uansett overlevt.

«Burning of the Clavie»

«Clavie» er ei tynne som er fylla med bitar av tre, kvistar og tjøre som er festa på ei stong med ein eigen forma nagle. Han må bli spesielt laga for å gje rom for hovudet til beraren under. Ei gruppe på rundt femten menn kjent som «clavie crew», tradisjonelt fiskarar, og leia av ein oppfører eller konge, «clavie king», byter på å bere den brennande stonga gjennom gatene i byen i ei bestemd rute som går med klokka til den gamle delen av byen. Gruppa stoppar opp for overrekke bitar av smuldrande, gloande kolbitar til einskilde hus og tre offentlege hus for å overrekke dei hell for det komande året. Det er òg nokre bestemde stader dei stoppar for å fylle på med meir brennande. På slutten av ruta blir elden plassert på eit steinalter (som ikkje vart konstruert før på slutten av 1800-talet) ved Doorie Hill [7]. Meir brensel blir fylt på, noko som opplyser heile Doorie Hill i den same prosessen. Tynna kollapsar til slutt og dei brennande restane blir spreidd utover bakketoppen før det blir samla og gjeve vidare som lykkebringande, skjønt det vart sagt i gamle dagar at restane vart nytta som trolldom mot hekseri[8] . Det var vanleg å bere den brennande fakkelen rundt kvar båt og kvart fartøy i hamna, men denne delen av seremonien har sidan vorte oppgjeve, truleg for at hamna vart for stor[9].

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Både barne-, ungdom- og vidaregåande utdanning finst på staden i form av blant anna Burghead Primary School, Lossiemouth High School og Elgin Academy. I tillegg finst Moray College som ligg rundt 15 km unna i Elgin og Ecosse Performers College som ligg rundt 12 km unna i Lossiemouth.

Folkesetnad (demografi)[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Burghead i 1991 var i samsvar med folketeljinga i 1991 på 1495 innbyggjarar[10]. Tal frå 2001 viser at folkesetnaden hadde auka til 1640[11] for deretter å flate ut ved midten av 2004 til rundt 1680 [12].

Den mannlege delen består av 53,6 % av folkesetnaden, noko som er høgare enn for Moray på 49.97 %, som igjen er litt høgare enn 48,05 % for heile Skottland. Menn i Burghead er ikkje same fleirtal for kvinner over alderen 25 som dei gjer for dei under 25 sidan mengda menn per kvinne er langt lågare over alderen 25 (1,05) enn han er under 25 (1,45).

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Både Burghead som områdde Moray er generelt særs avhengig av to basar til Royal Air Force; RAF Lossiemouth og RAF Kinloss som grovt sett ligg i same avstand frå Burghead på begge sider.

I 2005 bidrog basane med £156.5 millionar til Morays økonomi og der £76.6 millionar vart halde og nytta lokalt. Begge basane er ansvarleg for å tilsetje, direkte og indirekte, 21 % av all sysselsetjing i området Moray. Anna sysselsetjing er lokale styresmakter, konstruksjon, fast eigedom, mat, transport, turisme, forretning og engros/småhandel.

Tidlegare var fiske ein særs stor del av økonomien, men i dag bidreg fiske svore lite til den totale økonomien. I 2001 sysselsette fiske berre 2,12 % av folkesetnaden i Burghead.

Fotball[endre | endre wikiteksten]

Byen har to fotballklubbar. Burghead Thistle som ligg i Førstedivisjon i Region nord og har heimebane på Forrest Park, rett utanfor Burghead. Burghead United er det andre laget og dei spelar i Moray District Welfare Premiar Division. Tidlegare hadde Burghead òg eit tredje fotballag, Burghead Anchors.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The iron Age in Northern Britain: Celts and Roman sin, Natives and Invaders (Dennis William Harding), Google book search
  2. Sellar, W.D.H. (rei.) (1993): Moray: Province and People. London. Robert Hale: Sidane 142-144; Burghead Well. (1968) Ancient Monument sine of Scotland. Crown copyright leaflet.; Burghead. (c. 1990) Grampian Regional Council leaflet.
  3. Sellar, W.D.H. (red) (1993): Moray: Province and People. London. Robert Hale. Sidane 142-144; Burghead Well. (1968) Ancient Monument sine of Scotland. Crown copyright leaflet; Historic Scotland - Burghead well
  4. Burghead. (ca 1990) Grampian Regional Council leaflet.
  5. Genuki: Old Style and New Style Dates
  6. Sellar, W.D.H. (1993): Ibid. Omsetjinga av sitatet er forfattaren sin, men inga kjelde utover sitattegnane er gjeve.
  7. Sellar, W.D.H. (editor) (1993): Moray: Province and People. London. Robert Hale. Sidane 142-144
  8. Andas note Queries (1860), Google book search
  9. A Study in Magic and Religion (1913) (J.G. Frazer), Google book search
  10. filt/setloc-ks01.pdf 1991 Census data
  11. 2001 Census data, Moray Council
  12. filt1/stat/04mid-year-estimates-settlement sine-table1.pdf Mid-2004 population estimates, General Register of Scotland

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]