Burkitt-lymfekreft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Seller med Wright-farging frå pasient med Burkitt-lymfekreft

Burkitt-lymfekreft eller Burkitt-lymfom er ein lymfekreft frå B-seller. Sjukdomen er i mange tilfelle knytt til både Epstein-Barr-viruset og malariaparasitten Plasmodium falciparum og er særskilt vanleg hjå born i eit belte kring ekvator i Afrika.[1][2]

Burkitt-lymfekreft vert delt opp i tre grupper:[3][4]

  • endemisk, finst i hovudsak i Afrika og er sterkt knytt til EBV-viruset
  • sporadisk, den vanlegaste forma utanfor malariaområde; kring 20 % av pasientane testar positivt for EBV[1]
  • immunsvikt-knytt, i hovudsak hjå HIV-infiserte pasientar; kring 30 til 40 % av pasientane testar positivt for EBV[1]

Hjå alle tre formene for Burkitt-lymfekreft er genet MYC flytta, og ei mogeleg rolle til EBV-viruset er å hindra apoptose ved ei slik genflytting.[2][4]

Burkitt-lymfekreft vart fyrst skildra av den britiske kirurgen Dennis Burkitt i 1958 frå pasientar i Kampala i Uganda. Epstein-Barr-viruset vart oppdaga i 1964 i ein vevsprøve frå ein svulst frå ein ugandisk pasient med Burkitt-lymfekreft.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Rochford, Rosemary; Moormann, Ann M. (2015). «Burkitt's Lymphoma». Epstein Barr Virus Volume 1. Current Topics in Microbiology and Immunology 390. s. 267. ISBN 978-3-319-22821-1. doi:10.1007/978-3-319-22822-8_11. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Schmitz, R.; Ceribelli, M.; Pittaluga, S.; Wright, G.; Staudt, L. M. (2014). «Oncogenic Mechanisms in Burkitt Lymphoma». Cold Spring Harbor Perspectives in Medicine 4 (2): a014282. PMID 24492847. doi:10.1101/cshperspect.a014282. 
  3. Casulo, Carla; Friedberg, Jonathan (2015). «Treating Burkitt Lymphoma in Adults». Current Hematologic Malignancy Reports 10 (3): 266. PMID 26013028. doi:10.1007/s11899-015-0263-4. 
  4. 4,0 4,1 Molyneux, Elizabeth M; Rochford, Rosemary; Griffin, Beverly; Newton, Robert; Jackson, Graham; Menon, Geetha; Harrison, Christine J; Israels, Trijn; Bailey, Simon (2012). «Burkitt's lymphoma». The Lancet 379 (9822): 1234. doi:10.1016/S0140-6736(11)61177-X. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.