Burlövs egnahem

Koordinatar: 55°38′3.1128″N 13°6′3.0708″E / 55.634198000°N 13.100853000°E / 55.634198000; 13.100853000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

55°38′3.1128″N 13°6′3.0708″E / 55.634198000°N 13.100853000°E / 55.634198000; 13.100853000

Den gamle mellomalderkyrkja i Burlöv

Burlövs egnahem er ein tettstad i Burlövs kommun i Skåne län i Sverige. I 2010 hadde tettstaden 554 innbyggjarar.[1] Det er ei samling hus, oppført av enkelte byggfirma og privatpersonar frå 1920-talet og framover. Omgrepet «egnahem» viser til familiehus som er eigd av dei som bur i det og er eit omgrep som heng tett saman med tanken om folkhemmet.

Tettstaden har historisk sett vore ein slags utkant til Arlöv. Med den noverande innramminga av staden med to motorveger på den nordre, austlege og vestlege sida av byen (E22 og Yttre Ringvägen som møtes i ein trafikkmaskin rett nord for tettstaden) og ein tett trafikkert landeveg på den sørlege sida har dette sambandet blitt fjernet. Området er no definert som ein sjølvstendig tettstad på grunn av at det er mindre enn 200 meter mellom husa og meir enn 200 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistiska Centralbyrån (besøkt 18. juni 2013)