Burmeister & Wain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Verkstaden til Baumgarten og Burmeister på Christianshavn ca. 1850.

Burmeister & Wains Maskin- og Skibsbyggeri var eit dansk skipsverft, spesielt kjent for sine store dieselmotorar for skip. Verftet vart grunnlagt i 1843 og nedlagt i 1996. Burmeister & Wain var pionerar i utvikling av dieselmotorar for handelsfartøy og verftet var òg i mange år ein stor leverandør av skip til norske skipsreiarar.

Skipinga[endre | endre wikiteksten]

I 1843 skipa ein holstensk snikkar Hans Heinrich Baumgarten ein mekanisk verkstad på Købmagergade i København. Han inngjekk i 1846 i kompaniskap med Carl Christian Burmeister, og verkstaden vart flytta til Christianshavn under namnet Baumgarten og Burmeister. I 1858 bygde verftet det første danskbygde jarndampskipet.

I 1861 valde Baumgarten å trekkja seg, og i 1865 inngjekk Burmeister kompaniskap med underdirektøren frå verftet, William Wain. I 1871 vart verksemda ramma av kapitalmangel og streikar.

Omdanning til aksjeselskap[endre | endre wikiteksten]

Med skipinga av DFDS måtte det òg anleggjast maskinverkstader og skipsverft. C.F. Tietgen foreslo å omdanna det vesle føretaket til eit aksjeselskap med ein aksjekapital på 6 millionar danske kroner. Selskapet vart stifta i 1872 og fekk frå starten mange ordre. Tietgen tok rollen som styreformann, medan Burmeister og Wain var direktørar.

I 1872 vart det opna eit skipsverft på Refshaleøen. Her vart i 1879-80 det danske kongeskip «Dannebrog» bygt, og i 1912 for Det Østasiatiske Kompani det første store dieselmotorskipet i verda, MS «Selandia». Selskapet bygde i 1897 ein ny maskinfabrikk på grunnen på Christianshavn.

Selskapet måtte rekonstruerast med statleg bistand i 1932 og vart oppdelt i eit driftsselskap og eit avviklingsselskap. Seinare kunne kreditorane alle tilbakebetalast.

I 1971 var selskapet igjen i krise og vart delt i ein verftsdel og ein motor- og maskinfabrikk, B&W Motor.

Burmeister & Wain skipsdieselmaskin, montert ombord i ein VLCC, berre ein mindre del av heile maskina vert vist
Foto: Hervé Cozanet

Jan Bonde Nielsen fekk i 1974 kontrollen med selskapet og tok posisjonen som styreformann. Ida var å satsa på produksjon av standard bulkcarrierar. B&W Motor vart delvis kjøpt tilbake i ein holdingselskapskonstruksjon.

Jan Bonde Nielsen utvida konsernet med m.a. Glud & Marstrand og selskapet Gredana, som åtte Grenaa Dampvæveri, viss middel vart nytta til å kjøpa B&W-aksjar.

Frå 1978 var Jan Bonde Nielsen gjenstand for mykje medieomtale, og selskapet kom i 1979 i likviditetsproblem og måtte selja halvdelen av B&W Diesel til det tyske M.A.N.-konsernet. I 1980 vart Bonde Nielsen avsett, og selskapet gjekk konkurs. M.A.N. overtok B&W Diesel heilt.

Etter ein ny rekonstruksjon stansa selskapet betalingar i 1995, og då ein rekonstruksjonsplan braut saman gjekk det konkurs i 1996 etter fleire års drift på sparebluss. Historia bak stordomen og fallet til B&W hadde spor langt inn i den danske finansverda.

Arbeidarorganisering på B&W[endre | endre wikiteksten]

B&W har frå tidlege år stått som eit godt døme på ei sterk arbeidarorganisering. Medan dei tilsette i mange verksemder hadde vanskar med å organisera seg, hadde ein på B&W allereie frå omkring 1900 eit velfungerande samarbeide med leiinga av firmaet, som tydde at ein organiserte seg utan problem.

Blant det verftarbeidarane gjennomførte er skipinga Arbejdernes byggeforening som bygde bydelen Humleby på det noverande Vesterbro. Husa som ligg i nærleiken av Carlsberg – derav namnet – vart finansiert ved at arbeidarane innbetalte ein del av løna til samskipnaden.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Ole Lange: Juvelen der blev til skrot. Kampen om B&W 1945-1996, Gyldendal, København 2001.
  • Niels Jul Nielsen: Virksomhed og arbejderliv. Band, brudflader og bevidsthed på B&W 1850-1920 (København 2002).
  • Niels Jul Nielsen: Mellom storpolitik og værkstedsgulv (København 2004)
  • Bjørn Andersen: En historie om B&W Skibsværft: Mellom storpolitik og værkstedsgulv