Burnaja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Burnaja
elv
none
Land Flag of Russia.svg Russland
Lengd 10 km km
Munning Ladoga
Wikimedia Commons: Burnaya River

Burnaja (russisk Бу́рная, finsk Taipaleenjoki) er ei elv i Leningrad oblast RusslandDet karelske neset. Elva renn frå innsjøen Sukhodolskoje til innsjøen Ladoga og er ein del av nedslagsfeltet til Vuoksen. Før vinterkrigen og den finske framhaldskrigen låg elva i Finland og vart kalla Taipaleenjoki.

Opphavleg rann vatnet frå Suvantosjøen (Sukhodolskoje) roleg inn i Vuoksen via vassvegen ved Kiviniemi. I 1818 vart kanalen grave ut for å drenere vatn under vårflaumen frå Suvanto inn i Viisijoki til Ladoga, og kanalen vart uventa omdanna til Taipaleenjoki. Dette førte til at Suvantosjøen miste mykje vatn og vassnivået fall sju meter. Vassvegen i Kiviniemi turka inn. I 1857 vart det grave ein kanal der, men elva rann då andre vegen med mange stryk som gjorde transport til Kiviniemi umogeleg. Etter 1857 har Sukhodolskoje og Burnaja utgjort den sørlege greina av Vuoksen, noko som har ført til mindre vassføring i den nordlege greina gjennom Priozersk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]