Burt Lancaster
| Burt Lancaster | |
| Statsborgarskap | USA |
| Fødd | 2. november 1913 New York by |
| Død |
20. oktober 1994 (80 år) |
| Yrke | filmprodusent, manusforfattar, filmskodespelar, filmregissør, fjernsynsskodespelar, teaterskodespelar, sirkusartist, skodespelar, regissør, produsent, skribent, Technician Fourth Grade |
| Språk | engelsk |
| Høgd | 185 centimeter |
| Politisk parti | Det demokratiske partiet i USA |
| Religion | ateisme, ikke-praktiserende katolikk |
| Ektefelle | Norma Anderson |
| Burt Lancaster på Commons | |
Burt Lancaster, fødd Burton Stephen Lancaster, (2. november 1913–20. oktober 1994) var ein amerikansk filmskodespelar og produsent. Gjennom ein 45 år lang karriere i film og fjernsyn vann han ein oscarpris som beste mannlege skodespelar (og fekk fire nominasjonar), to BAFTA-prisar og ein Golden Globe.

Lancaster opptredde som sirkusakrobat på 1930-talet. Etter å ha tent i militæret under andre verdskrigen fekk han som 32-åring ei rolle i eit skodespel på Broadway og blei oppdaga av ein agent frå Hollywood agent. Han fekk eit gjennombrot med The Killers i 1946, ein film noir der han spelte mot Ava Gardner. I 1953 spelte Lancaster elskaren til Deborah Kerr i det militære dramaet From Here to Eternity. I 1956 spelte han i The Rainmaker mot Katharine Hepburn, og i Gunfight at the O.K. Corral frå 1957 mot ein Kirk Douglas, som han kom til å opptre mykje i lag med.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Burt Lancaster» frå Wikipedia på engelsk, den 20. august 2020.