Bury St. Edmunds
| Bury St. Edmunds | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Suffolk | ||
| Distrikt | St. Edmundsbury | ||
| Folketal | 41 212 (2021)[1] | ||
| Postnummer | IP28–IP33 | ||
| Retningsnummer | 0 1284 | ||
![]() Bury St. Edmunds 52°14′48″N 0°42′45″E / 52.246667°N 0.7125°E | |||
| Wikimedia Commons: Bury St Edmunds | |||
Bury St. Edmunds er ein by i Suffolk i England. Han er administrasjonssenter for distriktet St. Edmundsbury.

Byen er mest kjend for ruinane av St. Edmunds Abbey. Han har sitt noko uvanleg namn etter Edmund Martyren, som i 870 fall i slaget ved Hoxne og vart gravlagt (buried) i abbediet. Byen voks opp rundt abbediet, som vart eit pilegrimsmål; Edmund var ikkje berre ein helgen, men òg den siste angelsaksiske kongen av East Anglia.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 1214 samla dei engelske baronane seg i Bury St. Edmunds, der dei i kyrkja svor på at dei ville presse kong Johan til å skrive under eit fridomscharter, seinare kjent som Magna Carta.
På 1300-talet oppstod ein stor tekstilindustri i byen. Abbediet vart for det meste øydelagt under oppløysinga av klostra på 1500-talet, men byen var då stor nok til å klare seg utan tilstrøyminga av pilegrimar. Ved den industrielle revolusjonen var byen for avsidesliggande til å nyte godt av den raske utviklinga, og han opplevde difor ein tilbakegang. Han er som følgje av dette i dag enno ein gammaldags marknadsby.
Ved sida av abbediet ligg Bury St. Edmunds-katedralen, som vart reist så seint som i 1913. Han vart utvida i 1960-åra, og eit nytt tårn i nygotisk stil stod ferdig i 2005.
I hagen til abbediet vart det i slutten av 1990-åra installert ein internettbenk, der kven som helst kan plugge inn ei berbar datamaskin og kople seg opp til internett. Dette var den første parkbenken i verda med internettilknytning; seinare har fleire kome til på andre stader. I den første veka oppdaga to tenåringar at det var mogleg å ringe gratis frå han, eit problem dei kontakta Bill Gates om. Ein annan premiere i byen var den første vegskilt i Storbritannia med indre belysning. Sidan det ikkje følgjer standarden, måtte det gjevast spesialløyve til å setje det opp.
Byen sin Theatre Royal er sentralt i kulturlivet. Det er òg ein stor kulturfestival i mai kvart år. Ein av pubane som hevdar å vere den minste i Storbritannia, The Nutshell («Nøtteskalet») ligg i byen. Om den verkeleg er den minste avheng av korleis ein mæler.
Green King Brewery er kjent for sitt India Pale Ale og sitt sterke Abbot Ale.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Parish Profiles». Office for National Statistics. Henta 5. august 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Bury St. Edmunds» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2011.
